Det er eit høgt tal på medlemer i høve til presteressursar som gjer at desse to folkerike sokna får nye prestestillingar. Dei har i dag prosjektstillingar som vil bli gjort til faste stillingar når dei blir ledige.
Bispedømerådet har tilsett prestar i følgjande stillingar:
Sokneprest i Vesthordland prosti med Erdal sokn som tenestestad: Trygve Bertin Eiken
Sokneprest i Vesthordland prosti med Tveit sokn som tenestestad: Jørgen Skogestad Kleiven
Sokneprest i Bergensdalen prosti med Årstad sokn som tenestestad: Maren Tischendorf
Søkjarane har takka ja til stillingane.
Årsrapport
Bjørgvin bispedømeråd godkjende årsrapport for 2020 og handsama rekneskap og budsjett. Les meir om årsrapporten her
OVF-tildeling 2021
Bispedømet forvaltar midlar frå Opplysningsvesenets fond som kyrkjelydar og organisasjonar kan søkja støtte frå. Bjørgvin bispedøme har for 2021 til fordeling totalt kr. 875.000,- i OVF-tilskot. Her er oversynet over dei som fekk innvilga søknad i 2021
For andre saker, sjå protokollen (lenke nedst på denne sida)
Sakliste
19/21 Godkjenning av innkalling og saksliste
20/21 Godkjenning av protokoll Bjørgvin bispedømeråd 12.03.2021
21/21 Nøkkeltal og årsresultat 2020
22/21 Årsrapport 2020
23/21 Budsjettregulering 2021
24/21 Oppretting av to faste prestestillingar, Fana sokn og Arna sokn.
25/21 Høyringsvar frå Bjørgvin - Reglar for tilkjenning av medlemskap for personar som ikkje er busett i riket eller norske borgarar busett i utlandet
Orienteringssaker
26/21 OVF-tildeling 2021
Tilsettingssaker
27/21 Tilsetting - Sokneprest i Vesthordland prosti med Erdal sokn som tenestestad
28/21 Tilsetting - Sokneprest i Vesthordland prosti med Tveit sokn som tenestestad -
29/21 Tilsetting - Sokneprest i Bergensdalen prosti med Årstad sokn som tenestestad