OVF-midlar
Bjørgvin bispedømeråd utbetalar samla kr 870.000,- i midlar frå Opplysningsvesenets fond (OVF).
I denne summen er det sett av 150.000 kroner i støtte til misjonskonsulentstilinga i bispedømet, 21 av prosjekta gjeld arbeid blant born og unge, fem diakoni, fem kyrkjemusikk og kultur og tre gjeld gudstenesteliv. OVF-midlar blir også i år brukt til å støtta Ung katedral - St. Jakob med 100.000 kr
Prestestillingar
Følgjande prestar er tilsett:
Sokneprest i Sunnfjord prosti med Askvoll sokn som tenestestad: Kjell Olav Høstaker Nordheim
Kapellan i Bergensdalen prosti med Landås sokn som tenestestad og prostiprest i Bergensdalen prosti: Kjetil Austad Endal
Sokneprest i Sogn prosti med Lærdal sokn som tenestestad: Gunnar Eldevik
Sentrumsprest i Bergen domprosti med særlig ansvar for barn og unge i Bergen domkirke menighet: Bernt Forstrønen
Årsrapport
Bjørgvin bispedømeråd tok også årsrapporten til orientering. Les meir om årsrapporten her.