Søknad om foreldrepenger skal sendast til NAV. Kopi av søknaden skal sendast arbeidsgjevar v/ lønnsteamet i Felles økonomienhet i Den norske kyrkja.
Arbeidstakar plikter å varsle arbeidgjevar snarast mogleg om avvikling av fødsels-/foreldrepermisjon, jf. arbeidsmiljøloven § 12-7. Fristen for å varsle er seinast fire veker i forvegen ved fråver utover tolv veker.
Den norske kyrkja v/ Felles økonomienhet registrerer permisjon og sender inntektsskjema til NAV for den tilsette som skal ut i foreldrepermisjon.
Vi ber om at sensitive opplysingar vert sendt via E-dialog eller pr post, ikkje via e-post.