Samtale- og undervisningsopplegg til TV-serien om kristenretten

TV-serien om kristenretten er eit godt utgangspunkt for samtalar og oppgåver for både vaksne og ungdommar. Her finn du lenke til undervisningsopplegg og nokre presentasjonar til inspirasjon og til direkte bruk.

Frå aktivitetsheftet "Verdiar i tusen år". Illustrasjon: Egil Nyhus

Powerpoint til samtale

Under finn du fem Power Point-presentasjonar du kan bruke slik dei er.

Samtaleguiden (lang og kort versjon) er laga av Bjørn Are Davidsen frå tankesmia Skaperkraft. Denne kan ein bruke etter å ha sett alle episodane. Den lange versjonen går grundig inn på dei ulike temaa, medan den korte versjonen gir ein kort og konsis oppsummering med refleksjonsspørmål knytta til dei tre episodane. Opplegget er for alle, men passar kanskje best for vaksne.

Gud er alles venn handlar om dette vesentlege som vert sagt i den første episoden av serien. Kva har det å seie for menneskesynet at Gud er alles ven, i motsetnad til dei norrøne gudane? Dette opplegget passar kanskje best for ungdom/konfirmantar.

På Tingsteinen er eit opplegg om verdiar. Kva verdiar ville du løfta fram på Tingsteinen i dag? Dette er eit godt utgangspunkt for verdisdamtalar med ungdom.

Kulisteinen er eit samtaleopplegg der vi ser nærare på kva Kulilsteinen som vi møter i episode ein, kan fortelje oss i dag. Dette passar best for ungdom i vidaregåande skule-alder.

Aktivitetshefte for mellomtrinnselevar

Aktivitetsheftet "Verdiar i tusen år" er utvikla av IKO Kirkelig pedagogisksenter på oppdrag frå Moster 2024. Heftet har forslag til undervisningsopplegg om tusenårsjubileet, norsk kulturarv og kristenrettens tyding for Noregs historiske og samfunnsmessige utvikling. Opplegget er primært mynta på lærarar på mellomtrinnet, men vil enkelt kunne tilpassast andre alderstrinn. Illustrasjonane i heftet er frå Egil Nyhus og jubileumsboka 'Moster iz da thing'.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"