I Flåm kyrkje og Vangen kyrkje har me ledig to bittesmå sommarjobbar med å opne og stenge kyrkjene. For Flåm kyrkje gjeld det perioden ca. 2. mai-19. september i tillegg til enkeltdagar utover det. For Vangen kyrkje vert det periode etter nærare avtale. Kyrkja må opnast ein gong før kl 09.00 og stengast etter kl 17.00 kvar dag. Kan passe for ein pensjonist, ungdom eller ein som likevel fer forbi kvar dag Om det er enkeltdagar eller enkeltperiodar i løpet av sommaren du er vekke, so finn me ei løysing på det. Betaling etter avtale.
Send søknad innan 01. april 2024 på mail til monica.finden@aurlandkyrkja.no. Skriv kva periode du kan jobbe og kor tid du evnt. ynskjer å ha fri. Ta kontakt med kyrkjeverje Monica Finden, tlf 95862520, om du har spørsmål til stillingane.