Jølster barnegospel

Vi startar opp att med øvingar i Jølster barnegospel, og håpar både nye og gamle medlemmer vil bli med vidare på vår musikalske reise! Alle som går i 3.-7. klasse kan vere med, og ein treng ikkje vere supergod til å synge. Vi syng med den stemma vi har!

Jølster barnegospel

Øvingane vert annakvar onsdag kl 13.00-14.30 på Skei og Vassenden. I tillegg vil det verte nokre fellesøvingar der alle vert samla for song, leik og kos i lag. 
Vi har vår eiga Facebook-gruppe der vi legg ut informasjon om alt som skjer: Jølster barnegospel. Foreldre/føresette må leite opp denne sida og bli medlem.
Det kostar 200 kr per halvår å vere med i koret. Pengane nyttar vi til innkjøp av notar, diverse utstyr og litt mat/drikke til øvingane. Det kjem informasjon på Facebook-gruppa om korleis ein kan betale. 

Første øving Skei (musikkrommet på skulen): onsdag 30.august kl 13.00-14.30
Første øving Vassenden (kyrkjesenteret): onsdag 6.september kl 13.00-14.30. 

Vi håpar å sjå mange songglade gutar og jenter på korøvingane!
Helsing Rune Molvik (pianist) og Gerd Sunde Førde (dirigent).

 
 
Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"