De kan logga dykk på hos skattetaten.no for prøving av ekteskapsvilkår.
Dersom paret har søkt om prøvingsattest elektronisk, kan forloverne logga inn her (på skatteetaten.no) og fylla ut forlovererklæringen elektronisk.
På kort tid får de behandla ekteskapsprøvingen digitalt.
Skatteetaten tilrår alle par å nytta den nye innloggingsløsningen.
Vêr ute i god tid. Behandlingstiden kan vera inntil tre veker dersom det er behov for manuell oppfølging. Men ikkje fyll ut skjemaa meir enn fire månader før bryllaupet skal stå. Ein prøvingsattest er berre gyldig i fire månader, fordi opplysningane dykk oppgir må vera ferske.
Begge kommande ektefellar må fylla ut kvar sin egenerklæring, og forloverne fyller ut forlovererklæring. Nokon må fylla ut litt meir: Har du til dømes vore gift før, vil det i nokre tilfelle vera behov for å legga ved ei erklæring om skifte. Ønsker du å endra namn, må du fylla ut ei melding om endring av namn. Alt kan fyllast ut digitalt via Nettsidene til skatteetaten.
Når saka er ferdig behandla, får de melding om å logga dykk inn i Altinn for å lasta ned prøvingsattesten som stadfestar at de kan gifta dykk. Prøvingsattesten kan de velja om de vil senda vidare frå Altinn i ein e-post til vigslar, eller skriva ut og ta med ein kopi av. Gratulerer! No er de klare for å inngå ekteskap!
- Dersom de ikkje nyttar innloggingsløsningen:
Frå det statlege blankettarkivet kan de framleis lasta ned skjemaa for prøving av ekteskapsvilkår og forloverne kan lasta ned forlovererklæring, og senda dei i posten til skattekontoret der de er busette.
Tidlegare ekteskap
Dersom ein av partane har vore gift tidlegare, og folkeregisteret ikkje har registeret skilsmisse eller dødsfall, må personen legga fram bevis for at ekteskapet er opphøyrt. Utanlandsk skilsmisseløyving eller dom må først godkjennast av fylkesmannen. Han som har vore gift, og som levde i formuefellesskap då ekteskapet opphøyrde, må i visse tilfelle ha fråsegn frå tidlegare ektefelle om status i skiftet.
Utanlandske statsborgarar
Ein utanlandsk statsborgar som ikkje er fast busett i Noreg må framlegga attest frå offentlege styresmakter i heimlandet som beviser at det ikkje er noko til hinder for at det blir inngått ekteskap. I tillegg er det nødvendig med dokumentasjon på opphaldsløyve viss ein ikkje allereie har arbeidsløyve, opphaldsløyve eller busetjingsløyve.
Vil du gifta deg i utlandet?
I den første versjonen av den digitale løysinga blir berre handtert prøving av ekteskap etter norsk rett. Det betyr følgjande for dykk som planlegg bryllaup i utlandet:
Ønsker de å gifta dykk på norsk ambassade eller sjømannskyrkje i utlandet? Då giftar dykk dykk framleis etter norsk rett, og kan nytta Den digitale løysinga til skatteetaten for prøving av ekteskap. De går fram på same måte som når de giftar dykk i Noreg. Oppfyller de krava for å inngå ekteskap, får de òg her ein prøvingsattest digitalt. Denne må de vidaresenda, eller skriva ut og ta med dykk, saman med passet, til ambassaden eller sjømannskyrkja de skal gifta dykk i.
Ønsker å gifta dykk etter utanlandsk rett? Viss de planlegg å gifta dykk etter utanlandsk rett kan de dessverre førebels ikkje bruka Skatteetatens nye innloggingstjeneste, men må søka på ordinær måte på papir. Det er venta at også denne tenestene vil bli tilgjengeleg digitalt i løpet av hausten 2018.
Ønsker de meir informasjon om kva som blir kravde for å gifta seg, sjå Nettsidene til skatteetaten.