Vil du bli fast gjevar og få frådrag på skatten?
Førde kyrkjelyd, altså alle vi menneska som høyrer til i kyrkja, er ei stor og samansett gruppe. Vi har eit godt og variert arbeid for dei fleste aldersgrupper. Gjennom eit år er meir enn 30.000 personar innom kyrkja, og i tillegg kjem alle som er med på ulike aktivitetar og samlingar på Førde kyrkjetun, det gule huset vårt rett ved kyrkja. Vi ynskjer å vere ei levande kyrkjelyd midt i byen vår. Vi ynskjer å vere til stades, og vi vil gjerne bety noko både for enkeltmenneske og lokalsamfunn. Du kan vere med å støtte dette arbeidet, gjerne ved å teikne ein fastgjevaravtale.
Les meir






