I det som var Førde kommune er det to sokn: Førde sokn, og Holsen og Haukedalen sokn.

Førde sokn

I Førde er det berre ei kyrkje, og ho ligg sjølvsagt i Kyrkjevegen mellom Angedalsvegen og Indre Øyrane. Den kvite trekyrkja vår er ikkje mellom dei eldste i Sunnfjord, men ho rommar likevel ei vakker altartavle frå 1643 og fine kyrkjetekstilar. Ho er ei hovudkyrkje med gudsteneste kvar veke.

Førde kyrkjelyd, altså alle vi menneska som høyrer til i kyrkja, er ei stor og samansett gruppe. Vi har eit godt og variert arbeid for dei fleste aldersgrupper. Gjennom eit år er meir enn 30 000 personar innom kyrkja, og i tillegg kjem alle som er med på ulike aktivitetar og samlingar på Førde Kyrkjetun, det gule huset vårt rett ved kyrkja.

Vi gler oss over at så mange tek del i både gudstenester, korgrupper, trusopplæring, besøksteneste, samtalegrupper, sorggrupper, konfirmantopplæring og mykje anna.

Her på sidene våre kan du klikke deg fram og lese om dei ulike møteplassane og aktivitetane vi har. Du vil sjå at vi på mange områder samarbeider både med Førde kommune, ulike frivillige organisasjonar og andre aktørar i lokalsamfunnet.

Vi ynskjer å vere ei levande kyrkjelyd midt i byen vår. Vi ynskjer å vere til stades, og vi vil gjerne bety noko både for enkeltmenneske og lokalsamfunn.
 
Som kristen kyrkjelyd har vi som mål;
1.  At vegen til kyrkja, til trua og til å møte Jesus alltid må vere open.
2.  At vi alltid er vend mot den verda og den tida vi bur i, så vi bryr oss og samarbeider med alle gode krefter for å bygge gode liv og lokalsamfunn.

Velkommen til å vere med!

 

 

Holsen og Haukedalen sokn

Ved enden av kvart sitt vatn og i kvar sin dal ligg det to små vakre kyrkjer.
Holsen kyrkje ved Holsavatnet i bygda Holsen. Haukedalen kyrkje i enden av Haukedalsvatnet i bygda Haukedalen. Begge kyrkjene har kvar sin gravplass med graver langt tilbake, og dei fortel si historie om at kyrkja i generasjonar har spelt ei stor rolle i livet til folka her.

I desse kyrkjene er det gudsteneste om lag kvar 3. eller kvar 4. veke.. Konfirmantarbeid og trusopplæring vert gjennomført i samarbeid med Førde sokn samt noko lokalt arbeid i Haukedalen.

I dei to bygdene våre handlar det mykje om samarbeid, og difor er mange av dei aktivitetane som finn stad planlagd saman med folk lokalt. Kyrkja og skulen samarbeider om skulekor. Vi samarbeider lokalt om konsertar og diakoniarbeid.

Soknerådet har som mål at fleire skal få kjenne at den lokale kyrkja er deira kyrkje. At gudstenestene og konsertane som finn stad i kyrkjene skal vere slik at fleire kan kjenne seg att og finne glede av å ta del og høyre til.

Som kyrkje merkar også vi folketalsutviklinga, og difor vert det desto viktigare at vi tek vare på kyrkjene våre og at vi kjem saman til gudsteneste og andre samkomer så husa våre ikkje vert ståande tomme.

Vi ynskjer å vere levande kyrkjelydar midt i bygdene våre.
Vi ynskjer å vere til stades, og vi vil gjerne bety noko både for enkeltmenneske og lokalsamfunn.

Som kristen kyrkjelyd har vi som mål;
1.  At vegen til kyrkja, til trua og til å møte Jesus alltid må vere open.
2.  At vi alltid er vend mot den verda og den tida vi bur i, så vi bryr oss og samarbeider med alle gode krefter for å bygge gode liv og lokalsamfunn.

Velkommen til å vere med!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"