Løyver 200.000 til digital satsing i kyrkjelydane

Møre bispedømeråd løyver 200.000 kroner som skal fordelast til digitale satsingar i kyrkjelydane i Møre. Det er korona-situasjonen som er bakteppet. Søknadane kan sendast inn utan søknadsfrist og blir vurderte i løpet av nokre veker.

Løyver 200.000 til digital satsing i kyrkjelydane
 
 

Det er ønskjeleg at dei korona-relaterte satsingane skal skje i kyrkjelyden, som eit samarbeid mellom kyrkjelydar eller i prostiet. Har prosjektet bærekraft etter at koronapandemien er over er det ein fordel. 

– Dei siste vekene har mange kyrkjelydar endra arbeidsformer, fått nye møtearenaer og lagt om til produksjon av digitale arrangement. Koronapandemien har allereie endra tilsette sin arbeidsdag og arbeidsformene i kyrkjelydane. Bispedømerådet vil gjerne gi ei økonomisk handsrekning til alle som har sett i gang arbeid - eller som har planar om å realisere prosjekt - på bakgrunn av situasjonen koronakrisa har skapt, seier avdelingsleiar kyrkjefag i Møre bispedøme, Arvid Helle.

– Har de starta opp eit spennande prosjekt, treng utstyr eller planlegg digitale arrangement, så ikkje nøl med å sende ein prosjektsøknad til Møre bispedøme, oppmodar Helle.

 

Send søknad på e-post

– Du søkjer til more.bdr@kyrkja.no og så blir søknaden vurdert i løpet av nokre veker. Det er ikkje søknadsfrist, søknadane blir vurdert og handsama etter same retningslinjer som når ein søkjer OVF-tilskot, forklarer Arvid Helle.

Midlane er prosjektmidlar som blir delt ut som eingongstilskot. Dette betyr at midlane ikkje skal nyttast som generelt driftstilskot eller til løn eller finansiering av årvisse arrangement.

Det er utarbeidd eige søknadsskjema. Søknadsskjemaet er om lag det same som ein nyttar når ein søkjer om OVF-tilskot, og skjemaet gjer greie for krav til søknaden. Tiltaket ein søkjer støtte til må definerast som kyrkjeleg arbeid innan områda diakoni - kyrkjemusikk og kultur - barn og unge - gudstenesteliv - samisk kyrkjeliv - anna.

Det er som alltid krav om rapportering på alle tilskot frå bispedømerådet. Ein finn eige rapporteringsskjema på nettsida, og rapport skal sendast inn seinast eín månad etter at prosjektet er avslutta - seinast innan utgangen av 2020.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"