Verdsarvgudsteneste på Hausetsetra i Geiranger 21. juni

Nordre Sunnmøre prosti inviterer til verdsarvgudsteneste søndag 21. juni på Hausetsetra i Geiranger. Gudstenesta har skaparverket som tema, og er også lagt opp med tanke på barn. – Det er med glede vi inviterer til dette flotte friluftsarrangementet i Geiranger, seier prost Svein Runde.

Hausetsetra, nydeleg lagt i øvre del av Møllsbygda, med flott utsikt over fjorden, er staden for Verdsarvgudstenesta 21. juni 2020. Foto: www.fjell-luft-blogspot.no

Plakat Verdsarvgudstenesta 2020

Gudstenesta har skaparverket som tema. Eit fyldig program omfattar m.a.:

- Korpsmusikk og korsong

- Tale ved sokneprest Per Inge Vik

- Bøner og tekstlesing ved barn og unge

- Musikalsk leiar Gunnar Inge Eide

 

– Mange er blitt „sperra inne“ den seinare tid på grunn av smittesituasjonen i samfunnet. Frå 15. juni går ein ut frå at myndigheitene opnar for arrangement med inntil 200 personar. Difor er det med glede vi inviterer til dette flotte friluftsarrangementet i Geiranger, seier prost Svein Runde. Han understrekar at alle er velkomne; både frå prostiet og alle andre!

Hausetsetra ligg nydeleg til i øvre del av Møllsbygda, med flott utsikt over fjorden. Dette var setra til Årset og Møllseter. For å kome til gudstenesta er det parkering på Korsmyra, på høgda mellom Eidsdal og Geiranger. Frå parkeringsplassen er det 15 minutt å gå til Hausetsetra.

 

Etter gudstenesta:

- Hamnesjefen i Stranda kommune, Rita Berstad Maråk deler sine refleksjonar om kva det har å seie næringsmessig og miljømessig for Geiranger og distriktet at Cruiseskipa no uteblir på fjorden, og turismen elles minkar.

- Einar Hol vil informere om oppgåvene til Verdsarvstiftinga og om diverse turar i Indre strok. Det vert også lagt opp til natursti i området.

Verdsarvgudstenesta 2019.jpg

Bildet: Verdsarvgudstenesta 2019, med frå v. verdsarvprest Morgan Berg, biskop Ingeborg Midttømme og sokneprest Stein Karstensen.


Indre strok av Nordre Sunnmøre prosti, som omfattar Skodje, Sykkylven, Ørskog, Stordal, Norddal og Stranda, samarbeider med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv om m.a. berekraftig utvikling og kulturvern.

Alle er velkomne til gudstenesta. Ta med niste og sitteunderlag.

Arrangør er Nordre Sunnmøre prosti i samarbeid med Stiftinga Geirangerfjord Verdsarv.

Plakat Verdsarvgudstenesta 2020

 

For meir informasjon:

Svein Runde

Prost i Nordre Sunnmøre prosti

Mobil: 91114095  -  E-post: svein.runde@kirken-alesund.no

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"