Vikariatet vil i utgangspunktet vere på 6 mnd, med moglegheit for eventuell forlenging.
Den høge oppslutninga om gudstenestene, det gode samarbeid med lag og organisasjonar, eit rikt kulturliv og eit godt samarbeid med skular og barnehagar gjer kyrkjelyden til ein attraktiv samfunnsaktør. I kyrkjelyden er alle generasjonar og mange nasjonalitetar representerte, og det er stor frivillig aktivitet i mange aldersgrupper.
Sjølv om vi søkjer primær etter ein prest, så er Ulstein sokn ein fin plass også å prøve seg som prest dersom ein sikter seg inn mot ein ny karriereveg som presteteneste.
Søkjaren vil få høve til å samarbeide kollegialt og tverrfagleg. Du må kunne arbeide med struktur og planlegging og like å samarbeide med stab, frivillige, sokneråd og fellesråd om planar og visjonar.
Dei formelle kvalifikasjonskrava for tilsetjing som kyrkjelydsprest er å finne i "Forskrift om tilsetting av kyrkjelydsprest".
Den som får tilbod om stillinga må legge fram politiattest.