Sanning og forsoning: - Eg håper rapporten får opp augo til folk

760 sider med 766 historier. Dette er alvorleg. Eg håpar rapporten får augo opp til folk, seier leiar av sørsamisk menighetsråd/Saemien Åålmegeraerie, Paul Bendikk Jåma.

Leiar av sørsamisk menighetsråd/Saemien Åålmegeraerie, Paul Bendikk Jåma og representant for sørsamisk menighet i Nidaros bispedømmeråd, Bjørn Thomas Åhren.

-        Det er ein omfattande rapport. Sannings -og forsoningskommisjonen var tydeleg på pressekonferansen. Dette er alvorleg. Min umiddelbare reaksjon er at eg håpar folk får augo opp for kva fornorskingsprosessen gjorde og har ført til, innleiar leiar av sørsamisk menighetsråd/Saemien Åålmegeraerie, Paul Bendikk Jåma.

Representant for sørsamisk menighet i Nidaros bispedømmeråd, Bjørn Thomas Åhren håpar rapporten blir brukt til å kome nokre sted vidare.

-        Det er ein stor og omfattande rapport. Eg håpar ein bruker den til å kome vidare, men samstundes kan ein ikkje forvente at ein finn ei løysing i morgon. Rapporten skildrar trass alt 150 år med historie.

Manglande kunnskap

Jåma håpar rapporten fører til ei positiv utvikling og til at majoritetsbefolkninga får meir kunnskap om forsnorskingsprosessen.

-        Eg håpar at rapporten fører til at kunnskapsnivået stig i majoritetsbefolkninga, at dei tek til seg det som står skrive. Rapporten må tydeleggjerast for heile befolkninga.

Jåma peikar på at menneskerettane som har vorte brotne gjennom fornorskingsprosessen er relevante for heile befolkninga.

-        No er det over 600 dagar sidan vi fekk ein dom i Høgsteretts storkammer, som slo fast at menneskerettane til samane på Fosen vart brotne gjennom etableringa av vindmølleparken i området. Enno har ikkje noko skjedd. Vindmøllene står der framleis. Majoritetsbefolkninga må forstå at desse brota på menneskerettane betyr noko for alle. Det er ikkje alle som reflekterer over dette.

Fortid og framtid

Han håpar også at storsamfunnet tek seg tid til å gå inn i materien.

-                            Eg håpar alle går inn i rapporten med opne augo og ikkje har bestemt seg på førehand for kva som skal gjerast.  Det har gått føre seg  i så langt tid, at det er på tide å ta ansvar. Sjølv om mykje no er historie, så må vi ordne opp i det. Historia kan vi ikkje gjere noko med, men vi kan forme framtida.

Åhren peiker på at ein ofte trur den norske stat har alt på stell samanlikne med andre land.

-        På den internasjonale arena kan ein ofte få inntrykk av at staten har ting og tang på stell, men denne rapporten viser tydeleg at dette ikkje stemmer.

Tydeleg standpunkt

Jåma og Åhren er glad for at Den norske kyrkja og Nidaros bispedømme tek eit tydeleg standpunkt.

-                            Både DNK og Nidaros har teke tydlege standpunkt gjennom arbeidet i sørsamisk menighet. Det er forsoning i praksis. Her blir det gjort små grep, slik som å bruke sørsamisk i gudstenestene og gjennom det sørsamiske alteret i Nidarosdomen.  I tillegg har ein no fått eit opplæringsprogram for alle tilsette i DNK, som tek opp tematikken, seier Jåma.

Åhren viser til at det ikkje berre er kyrkja som må ta ansvar.

-        Kyrkja var ein bidragsytar, men her er det fleire som må ta ansvar. Ein må bruke denne rapporten til å bevisstgjere og gi kunnskapen vidare, slik at storsamfunnet lærer. Norge er tufta på landet til to folk.

Sjokk og hets

Han trur også at rapporten kom som eit sjokk på mange.

-        Rapporten er nok eit sjokk for mange. Det er alvorlege skildringar som står der. Eg håpar storsamfunnet opptrer ansvarleg overfor dei som har delt historiene sine. Ein kan fort bli eit mål for hets. Her må alle , i tillegg til media ta ansvar, seier Jåma.

Åhren meiner det også er viktig at kyrkja og andre aktørar stiller seg bak rapporten og grip inn, dersom det såast tvil.

-        Det er uhøyrt viktig at staten, kyrkja og andre aktørar stiller seg bak kommisjonen og rapporten. Det er viktig at dei stadfestar historiene og støttar innhaldet. Dette er sanninga til forteljarane og det som skjedde. Rapporten stadfestar den munnlege tradisjonen . Dette er skriftleggjeringa.

-  

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"