Leiande biskop ELCA, Elizabeth Eaton: - Det har vore eit fantastisk besøk

Det har vore ei glede, eit fantastisk besøk, er opningsreplikken til den leiande biskopen i den evangelisk-lutherske kyrkja i Amerika (ELCA), Elizabeth Eaton. Ho er i Trondheim etter å ha vore nokre dagar på besøk i Oslo bispedømme, der ho møtte kronprinsregenten og feira nasjonaldagen.

Leiande biskop i Den evangelisk-lutherske kyrkja i Amerika , Elizabeth Eaton, besøkte Noreg og Nidaros tidlegare denne månaden.

No sit ho og ventar på lunsjen etter å ha vore på formiddagsbønn i kvinnenes kapell i Nidarosdomen, i lag med mellom andre preses, Nidaros biskop og leiar og rådgivarar i Mellomkyrkjeleg Råd. 

 - Det er første gongen eg er i Noreg. Me fekk oppleve den norske nasjonaldagen, 17.mai. Det var vidunderleg med godt vær. Eit høgdepunkt med alle barna og gleda i gatene. 

Les meir: Leiar i den evangelisk-lutherske kyrkja i USA besøker Nidaros

Biskop Elizabeth Eaton viser til kva nasjonaldagen betyr for nordmenn og meiner det er viktigare enn nokon gong å feire grunnlova og fridomen. 

 - I USA er grunnlova under press. Det er sameleis fleire stadar i verda. Grunnlova sikrar at me alle blir høyrt. 

Leiande biskop i ELCA, Elizabeth Eaton, med følge og preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit og leiar i Mellomkyrkjeleg råd, Kristine Sandmæl.

Sanning og forsoning 

Men søsterkyrkja og biskopen har ikkje berre nytt det gode vêret og ete is  i hovudstaden. 

 - Me møtte leiaren for arbeidet til sannings-og forsoningskommisjonen, Dagfinn Høybråten, i Oslo. Det er ein tøff prosess å arbeide med forsoning, held ho fram. 

Og viser til forsoningsarbeidet til ELCA- Evangelical Lutheran Church in America. I april i år lanserte biskop Elizabeth Eaton «Truth and healing movement»:  Ei rørsle som skal arbeide med å utvide forståinga til kyrkja av korleis koloniseringa har påverka urbefolkninga i USA, både før og i dag. Rørsla skal følgje opp arbeidet til ei arbeidsgruppe, som i 2016 utarbeidde ei innrømming av skuld på vegner av ELCA om deltaking i undertrykking og folkemord. Ho viser til den europeiske koloniseringa av USA, som oftast datert til 1492. 

- Landområda som vart oppdaga blei delt mellom koloniherrane og kyrkja etter lov. Europearane tok land, kom med sjukdom og gjennomførte overgrep. 

Men biskopen er likevel håpefull. 

 - Eg har trua på framtida og at me skal finne vegen. 

Rapporten til Sannings-og forsoningskommisjonen kjem 1.juni. 

Søstrene på Mariaklosteret 

På Tautra, ein god times køyretur utanfor Trondheim, ligg Mariaklosteret. Nonnene ved klosteret kjem frå ulike land- fleire av dei er amerikanske og kanadiske. Biskopen og følge besøkte klosteret under opphaldet i Nidaros. Biskop i Nidaros, Herborg Finnset, fortel at klosteret også er ein avleggar av eit amerikansk kloster. 

 - Det er slik at når eit kloster er fullt, så etablerer ordenen eit nytt kloster ein annan stad. Klosteret på Tautra er ein avleggar av eit kloster i delstaten Missouri i USA. 

 Søstrene ved Mariaklosteret høyrer til trappistordenen i cistercienserordenen 

Les meir: Tautra Mariakloster  

Biskop Elizabeth Eaton fortel om spennande samtalar med nonnene ved Mariaklosteret på Tautra. 

 - Alle er velkomne til å besøke klosteret og ta del i tidebønnene: hit kjem både katolikkar og protestantar.  Søstrene ser det som si oppgåve å være gjestfrie. Dei deltek også i ulike aktivitetar i lokalsamfunnet, slik som 17.mai. 

 Kristi Himmelfartsdag 

Biskopen preika også under høg messa i Nidarosdomen på Kristi Himmelfartsdag.  

Pilegrimsvandring og lunsj 

Biskopen og hennar følge var også på ei pilegrimsvandring i Trondheim og møtte ordførar Rita Ottervik til Lunsj ved Pilegrimsgården.  

 

Den leiande biskopen i ELCA med hovudkontor i Chicago reiser verda rundt for å bygge bruer, og ho har trua på framtida. 

- Eg er håpefull for framtida. 

Delt erfaringar 

Leiar i Mellomkyrkjeleg råd, Kristine Sandmæl, tok imot biskopen når ho kom til Norge og reiste med henne til Oslo og Trondheim.  Ho fortel at forsoningsarbeid er viktig for både Den norske kyrkja og ELCA. 

- Spørsmål knytt til sanning og forsoning mellom kyrkje og urfolk er aktuelle både i Den norske kirke og i ELCA. ELCAs prosess har fått namnet Truth and Healing. Vi har snakka om urfolksspørsmål og korleis kyrkjene jobbar og vil jobbe framover på dette feltet, og delt erfaringar og kunnskap. Me har også snakka mykje om utfordringar med populisme og polarisering, og ser både likskapar og ulikskapar mellom utfordringane til kyrkjene og rolla i våre respektive samfunn.  

Og samarbeidet skal styrkast. 

- Vi vil fortsette å dele erfaringar og styrke fellesskapet mellom oss. Me møtast i ulike økumeniske samanhengar blant anna Det lutherske verdsforbund. I september er det generalforsamling, og vi har drøfta ulike saker som skal opp der. Me møter kvarandre også i Kirkenes verdensråds-samanheng, i tillegg til at både leiar i Mellomkyrkjeleg råd og preses er invitert på besøk til ELCA ved ulike høve. Fellesskapet har vorte fornya og forsterka, og erfaringane til ELCA har gitt oss inspirasjon til eige arbeid, avsluttar leiaren av Mellomkyrkjeleg råd. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"