Gudsteneste på NRK 5. mai

Vel møtt til NRK-gudsteneste 5. mai!

Gudsteneste på NRK 5. mai
Vel møtt til temagudsteneste med nattverd 5.mai kl.1100. Frammøte seinast kl.1045. Gudstenesta blir overført direkte på NRK P1+, NRK TV og NRK1. 
Øystein Skauge (pensjonert prost) er vikarierande prest, og har ei samtalepreike med Berit Ljones. Ho har mange erfaringar og gode refleksjonar knytta til dagens tema - nemleg bøn.
Olav Arne Steinkopf har med seg dyktige musikarar som leier oss i salmesongen. På trommer har vi Sigurd Steinkopf, og Øystein Høynes spelar bass. Marius Dale Romslo, Julie Kristiansen, Victoria Hop og Cathrine Snipsøyr er forsongarar.
Vi håpar også at du kjem og syng med frå kyrkjebenkane.
Fleire kyrkjer har konfirmasjonsgudstenester denne dagen, og har du ikkje ein konfirmant du skal fylgja, er du særleg velkomen til å reise til Arna og vere med i vårt fellesskap i Arna kyrkje denne dagen.
Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi i kyrkjelydshuset, der alle er hjarteleg velkomen.
Velkomen til fellesskap.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"