God tid til å sjå ein maur

Hilde og familien likar seg best når dei kan ete fredagstacoen ute og søve i hengekøyer. Då får dei tid til å slappe av og berre vere i naturen.

Sykkeltur i nærmiljøet er gøy for både små og store. Foto: Hilde Enes

- Når vi er heime er det så mykje å fikse. Ein klesvask her og ein oppvask der. Ute får vi ro til å berre vere i naturen, vere saman og ikkje stresse, seier Hilde Askeland Enes. Ho og familien er opptekne av å leve på ein måte som er god for miljøet.

- Det vi har mest fokus på er transport i kvardagen, og gleda av nærturen og fine opplevingar ute, fortel Hilde. Ho har berre flydd to ganger sidan 2008, vel tog framfor fly om mogleg og syklar til jobben på Haukeland.

- Om eg tar bilen til jobb blir eg arrestert av ungane. Dei er oppteken av å ta vare på jorda vår. Samstundes er vi heldige som bur så nær storfamilien at det ikkje er aktuelt å fly til dei, for eksempel. Det gjer det lettare å unngå.

Barna Ester (5), Rakel (7) og Markus (9) er ofte med på tur. Som regel er det ikkje så langt frå huset på Kalandseid. Nokre gonger overnatter dei i hengekøye eller telt i hagen.

- Den turen vi er på mest, går til eit nes som vi ser frå huset, rett ved vatnet. Vi kan padle med kano eller gå dit. Ungane synes det er stas å slå leir og overnatte. Det beste er å lage mat og ete den ute – gjerne fredagstaco eller lørdagsgraut.

Ute går leiken til ungane stort sett av seg sjølv, meiner Hilde.

- Dei finn insekter, maurtuer og utforsker skogen. Dei klatrer i trea og spikker med spikkekniv. Det er alltid noko å gjere.

Rakel er glad i å klatre. Markus er spesielt glad i å vere i båt og kajakk. Ester synes det er ekstra stas å vere på aleinetur.

- Ho fekk hengekøye til 5-årsdagen, og søv for første gang aleine i den. Før har ho sove med ein av oss andre. Det er mykje meistring i slike opplevingar, ser Hilde. Ho understrekar at dei ikkje går på ekstremturar.

- Vi er berre ute og leikar oss!

Hilde sine tips til nybegynnarar som vil på tur

  • Begynn med korte turar. Test gjerne ut hagen! Om det blir krise kan de berre gå inn igjen.
  • Før vi fekk barn var vi opptatt av å nå toppen. Med barn blir veien målet. Vi kan snu når som helst.
  • Tilpass turen og kleda etter været. Ha med ekstra klær i sekken, i tilfelle nokon blir kalde eller dett i ei elv.
  • Det er lurt å gjere noko du sjølv synes er gøy. Ellers er det vanskeligare å halde energinivået til barna oppe
  • Det er lurt å ta med ein ven eller ein venefamilie. Då blir stemninga fort god!
  • Ein del appar er motiverande for mange barn, t.d.: Geocaching, Kul tur, Pokemon Go, Stolpejakten.
  • Skal de overnatte for første gang er det greit å gjere det ein plass der du er litt kjent og veit om ein ok teltplass eller hengekøyeplass
  • Rydd opp etter deg! Målet er at andre ikkje skal kunne sjå at de har vore der før dei. Ta gjerne med ein pose til å plukke boss på vegen, også.
  • Maten er ofte eit høgdepunkt. Lag popcorn, taco, pinnebrød med kanel og sukker eller ferdigkokt graut ute. Det smakar ekstra godt!

 

Tekst: Gyrid Cecilie Nygaard
Foto: Hildes private bilder

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"