Kvifor Barnekorfestival?
Tekst: Ragnhild Grov Nilsen, barne og ungdomsmusikar i Fana Sokn
Jo, det er det eit veldig enkelt svar på: Det gjer oss glade å få synga saman!
Song bygger fellesskap og er ein arena der me kan koma saman, skapa, bli utfordra, uttrykka kjensler og tru, læra noko nytt og få det til å låta,- saman!
Bakgrunn
Hausten 2019 ringte eg rundt til leiarar og dirigentar av eit titals barnekor i Bergensområdet. Gjennom spanande samtalar og erfaringsutveksling var det nokre utfordringar som gjekk igjen som rekruttering av dirigentar og medlemmar, repertoar og kjensla av å drive åleine. Nokon peika også på at å synga ikkje lenger var «populært». Frøet var sådd! Me måtte skapa ein Barnekorfestival der me kunne dele erfaringar, bli inspirert, rekruttera, men det viktigaste av alt var å dela gleda av å synga saman! At ein vert glad av å synga saman er slett ikkje noko nytt, men kvifor gjer me det i mindre grad no? Kva kan ha påverka og korleis har songtradisjonen vår endra seg med åra?
Songen er arva vår
Songen er ein del av kulturarva vår. Folkesongen kunne blant anna vera til nytte og bruk for å få eit barn til å sova, til å heisa segl, halda takten når ein rodde, som underhaldning, lokka på dyra, finna trøyst eller til å søka Gud. I løpet av 1900-talet, skjedde det store endringar i samfunnet vårt. Nye maskinar kom til, effektivisering av arbeid og kvardag og ein gjekk i større grad frå gardsbruk til fabrikkar. Samfunnet blei også organisert på ein annan måte. Kvinner som menn var ute i arbeid og med åra var ikkje generasjonsbustadar like vanleg lengre. Der songen tidlegare høyrde heime, hadde hatt ein funksjon og naturleg overføring mellom generasjonar vart songen no, i større grad, overflødig. Gjennom tv, radio, sosiale media har songen, i dei seinare åra, blant anna blitt presentert gjennom talentkonkurransar som «Idol» (første sending i 2003 på TV2), «The voice» (første sending i 2012 på TV2) og «Norske talenter» (første sending i 2008 på TV2). Me blir i større grad presentert, og kanskje påverka, om at songen handlar om den perfekte, individuelle framføringa og det vakre i staden for funksjonen, samhaldet og fellesskapet?
Me må byrja med borna!
Me synes det er sjarmerande når borna syng saman, at demenskor er viktig for både helsa og at supportersongane på Brann stadion løftar laget og fellesskapet til nye mål. Me er «alle» einige om at songen har ein verdi og snakkar varmt om både songskatten og kulturarva vår. Men står eigentleg songen like stødig i samfunnet vårt som før? Kan me gå frå at me passivt nyt godt av songen til at me aktivt ynskjer å vidareføra songen? Tidleg eksponering er vesentleg. Me må byrja med borna!
Statistisk sentralbyrå syner at i 2023 gjekk 93,8% barn mellom 1 og 5 år i Noreg i barnehage. I lærar- og barnehageutdanninga er ikkje song eit satsingsområde. I ei undersøking seier studentane at dei ikkje lærer nok om song gjennom studiet og at dei ikkje er fortruleg med eiga songstemme eller har prestasjonsangst for å synga høgt. Det er altså ei utfordring å få dei komande pedagogane i skule og barnehage til å synga!
Det trengs eit felles løft for songen både i utdanningsinstitusjonane, men også på andre arenaer. Difor ynskjer me å vera med på «dugnaden» og inviterer alle 1.-7. klasse til Barnekorfestival i Ytrebygda! Ein Barnekorfestival er i seg sjølv ikkje så unikt, men motivasjonen og arbeidsmetoden er kanskje meir interessant. Festivalen skal vera ein arena der ein kan koma som heilt ny, som medlem av eit lite kor, av eit stort kor eller som eldsjeler med ynskje om å starta opp korarbeid. Festivalen er like mykje, og gjerne meir, tenkt som ein rekrutteringsarena for at fleire born skal få ta del og oppdaga songskatten!
Dei eldste barna i BaKoY (det lokale barnekoret i Ytrebygda) utarbeidar festivalen saman med ein hovudkomité (frivillige vaksne). Målet er å laga ein festival FOR barn, AV barn og MED barn. Dette ynskjer me å gjenspegle i utforminga av programmet og jobbar målretta for at det skal vera tilrettelagt og inkluderande for alle å delta. Festivalen har ulike grupper som jobbar med bla. lys, lyd, film, band, solistgrupper, matservering, kor, pauseaktivitetar osv. Alle jobbar mot eit felles mål denne dagen,- Hentekonsert. Deltaking og samarbeid mellom vaksne, ungdomar og barn er nøkkelen for engasjement, tryggleik, uttrykk og meistring. Slik kan songen byggja bruer.
I januar rullar me ut den raude løparen, pyntar med ballongar, vimplar og lys. Bandet har øvd, dirigentane har terpa, takkene er klare for lappesteiking og me gler oss til å ta i mot alle barna! Du er også hjarteleg velkomen til Barnekorfestival i Ytrebygda! Påmelding via Fanamenighet.no. Bli med på moroa, for ein ting er sikkert,- Det gjer oss glade å få synga saman!
Kjelder:
Elina Borg Björnström (2020): Ansatte er redde for å synge i barnehagen. Tilgjengeleg: Ansatte er redde for å synge i barnehagen (forskning.no) (07.10.2024)
Sandhåland, Linda R. & Wiik, Kjersti (2024): Nye tider og songen endra funksjon. Tilgjengeleg: https://www.strilakultur.no/nye-tider-og-songen-endra-funksjon (07.10.24)
Statistisk sentralbyråd (2024): Barnehager. Tilgjengeleg: Barnehager – SSB (07.10.2024)