"Vi går no inn i fastetida. Mange tenkjer at faste handlar om å slanka seg eller å gå på ulike diettar. Sjølv har eg prøvd mange ulike. Dei har gjort sin verknad og eg har blitt fleire kilo lettare. Men, så kjem den tida då ein altså skal leva såkalla normalt igjen. Og det er då det skjer; dei snik seg på igjen. Det er mange freistingar i god mat og drikke. Måtehald og å vera forsiktig er gode dygder, men dei er ikkje så lett å leva etter.
Freisting er i vår samanheng forstått som noko negativt. Freisting kan mellom anna erfarast ved at ein kjenner trong til å gjere handlingar som på kort sikt kan opplevast som tilfredsstillande, men som på lengre sikt kan vere øydeleggjande. Menneske med integritet, eller som er av "heil ved", er menneske som tåler å bli freista. Dei lever ut dygder og haldningar som skaper respekt og beundring. Mange ønskjer å bli slik.
Men til og med menneske med stort ansvar kan la seg freiste. Så når menneske i synlege posisjonar blir avslørt, og avispressa slår det opp i store overskrifter, blir me skuffa og undrar oss over at han eller ho kunne la slikt skje. Dette er ikkje nytt. Det er svarte flekkar, eller blind spots i dei fleste. Ser me på kven Jesus samla rundt seg så hadde fleire av disiplane svake sider. Apostelen Peter avslører det på ein lite flatterande måte på den vonde dagen, langfredag, den dagen han avviser sitt kjennskap og forhold til Jesus tre gonger.
Så blir denne tida ei påminning om å halde fast på det som er mi livsoppgåve og mitt kall. Også når det kostar og me må kjempe. Med oss er Jesus som stod fast og ikkje gav opp. Han kan hjelpa oss. Han er vår store helt og livreddar."
Jan Helge
Her kan du se en video fra kirken med vakre bilder og stemningsfull musikk.