Om å holde ut…

Det handlar om kjærleik og svik. Og vi kjenner til det. Det heng ofte ilag. Og det som gjer det endå verre er når den ein elskar er den som svik.

Om å holde ut…

Johannes 12 15-19: Da de var ferdige med måltidet, sier Jesus til Simon Peter: «Simon, sønn av Johannes, elsker du meg mer enn disse?» Han svarte: «Ja, Herre, du vet at jeg har deg kjær.» Jesus sier til ham: «Fø lammene mine!» 16 Igjen, for annen gang, sier han: «Simon, sønn av Johannes, elsker du meg?» «Ja, Herre, du vet at jeg har deg kjær», svarte Peter. Jesus sier: «Vær gjeter for sauene mine!» 17 Så sier han for tredje gang: «Simon, sønn av Johannes, har du meg kjær?» Peter ble bedrøvet over at Jesus for tredje gang spurte om han hadde ham kjær, og han sa: «Herre, du vet alt. Du vet at jeg har deg kjær.» Jesus sier til ham: «Fø sauene mine! 18 Sannelig, sannelig, jeg sier deg: Da du var ung, bandt du beltet om deg og gikk dit du selv ville. Men når du blir gammel, skal du strekke ut hendene dine, og en annen skal binde beltet om deg og føre deg dit du ikke vil.» 19 Dette sa han for å gi til kjenne hva slags død han skulle ære Gud med. Da han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!»

 

Skrevet av sokneprest Jan Helge Gram Eggestøl:
 

Kjærleik og svik.

Elskar du meg? Jesus vil ha svar. Peter, elskar du meg? Og Peter svarar, ja,  to gonger. Og då Jesus spør for tredje gong blir Peter lei seg. Han blir minna om det som skjedde då han for kort tid sidan sveik Jesus. Tre gonger gjorde han det. Like mange gonger som Jesus spør om han elskar Jesus.

Det handlar om kjærleik og svik. Og vi kjenner til det. Det heng ofte ilag. Og det som gjer det endå verre er når den ein elskar er den som svik.

Dei vi er glad i reknar vi med. Vi lit på dei. Dei er våre støtter. Og når sviket kjem blir vi ulykkelege. Korleis kunne no det skje?

Mennesket er samansett. Vi veit ofte kva som er rett, men likevel svik vi. Vi skuffer. Vi gjer ting som vi i etterkant ikkje skjønar kunne skje.  Når vi blir pressa og blir stilt framfor vanskeleg val reagerer vi ofte på ulogiske og primitive måtar. Vi blir overmanna av sterke kjensler, tankar og kroppslege reaksjonar. Vi reagerer på impuls og gjer ting vi ikkje vil kjennast ved.

Også Peter visste kva som var rett å gjera. Han skulle stilt opp og forsvart Jesus. Men, gjorde det altså ikkje. Det blei for tøft. Han blei både redd og engsteleg for eige liv. Han reagerte på ein måte han angrar djupt.

Tre gonger spør Jesus om Peter elskar han. Denne gonger nektar han ikkje. Nei, han står fram og avslører sin djupe kjærleik. For ingenting er større for Peter enn Jesus. Denne gongen reagerer Peter med heile seg. Han eig inni seg det som er hans erfaring av det Jesus har avslørt. Det er stort og sterkt. For denne gongen kan han tole. Ja, han kan tole mykje.  For inni han er der ein brann. Og denne gongen skal han holde ut. Også om han risikerer smerte, vald og liding. Han svik ikkje denne gongen, nei. Han toler å bli tatt i belte og ført dit han ikkje vil. For inni seg har han ein bevissthet. Ei erfaring av å blitt elska. Djupt. No er det dette som styrer sitt eige val. 

Denne gongen svik han ikkje, nei. For, denne gongen kan han gå like langt som det som Jesus gjorde. Til å døy om det må til! «Ingen har større kjærleik enn den som gir sitt liv for sine vener. (Joh 15,13). Det var det Jesus gjorde for han, og som Peter og er klar til no.

Og vi kjenner til Peter sin lagnad. Han blir slått, hengd på ein kross og døyr som ein martyr. Og i dag blir han rekna for den første biskop og den første leiar i den kristne kyrkja.

Nokre gonger må vi halde ut, tole, og lide. Men, når vi inni oss eig og kjenner kor høgt vi er elska og veit kva vi vil, er det lettare å halde ut og stå i det som er krevjande. Andre sine svik. Mine eigne svik.  Og nokre gonger være villig til strekke seg svært langt….

Til ære for Faderen og Sonen og Den heilage ande!

Hør Bjørn Eidsvåg synge sin egen sang "Du låg og skalv av angst":

https://www.youtube.com/watch?v=snZ42RRHDjI

Her er lenke til andaktene fra Nykirken: 

https://kirken.no/nn-NO/bispedommer/bjorgvin-bispedome/forsideoppslag/dagleg%20bon/

 

Dette bildet fra kirken San Pietri in Vincoli viser det som i følge tradisjonen er St.Peters lenker fra da han satt fengslet i Roma.

Foto fra Nykirken: Torfinn Wang

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"