Siste søndag i månaden er det normalt kveldsgudsteneste i Knarvik kyrkje og framover vil også Meland kyrkje har kveldsgudsteneste ein gong i månaden. I første omgang blir det no ei felles digital kveldsgudsteneste som vert lagt ut på kyrkja.no/alver og på Facebook og Youtube søndag kl. 19.30.
Torbjørn Sæle er liturg og intervjuar ordførar Sara Hamre Sekkingstad. Håkon Økland Kinsarvik held preika. Anne Marit Fosse Dahle og Ruben Sæle leiar song og musikk. Kristine Rykkje Hopland er medliturg og Solveig Westermoen les bibeltekstane.