Kontora er stengde, og all aktivitet i kyrkja sin regi er avlyst. Me ønskjer likevel å vera tilgjengelege. Staben i Radøy sokn er tilgjengelig på e-post og på telefon.
Det er ei tid med uvisse på ulike nivå, og me er alle ramma av koronaviruset på eit eller anna vis. Me er klar over at det er mange menneske som kjenner seg utrygge og har mange spørsmål knytt til det som skjer i samfunnet vårt no. Dersom du treng nokon å snakke med, eller vil be om forbøn kan du ringja sokneprest eller diakon. Me kan ha samtalar over telefon.
- Sokneprest Kjell Sekkingstad, tlf: 951 41 360
- Diakon Gudveig Kartveit Sundsbø, tlf: 938 40 587 (send gjerne ein sms, så ringer Gudveig tilbake snarast)
Dersom du ønskjer å snakka med nokon anonymt kan du chatte via nettkyrkja.no
Det går òg an å ta kontakt med Kirkens SOS.
Du finn fleire digitale fellesskap hjå kyrkja her.
På Facebook-sidene våre publiserer me diverse informasjon, andaktar og anna, følg oss gjerne her.
Me oppmodar alle om å ta vare på kvarandre - på fysisk avstand. Dersom du kjenner nokon som treng litt ekstra på denne tida; ein prat på telefon, ein handletur, eller anna, bruk denne tida til å vere rause!