Ny informasjon om smittevern (09.12)

No er det meir smitte igjen i samfunnet og Alver kommune er dekka av både nasjonale og regionale tiltak.

Ny informasjon om smittevern (09.12)
  • Vi må registrere alle deltakarar på gudstenester og andre kyrkjelege arrangement med namn og telefonnummer. Kyrkja som arrangør er ansvarleg for varsling dersom det oppstår smitte.
  • Alle får ein fast, tilvist sitjeplass når dei kjem i kyrkja. Kyrkjevertane vil vise deg til plassen der du skal sitja under heile gudstenesta.
  • Det skal vera eitt ledig sete mellom husstandar, kohortar og tilsvarande nære i kyrkjebenkane. Vi kan per i dag bruke kvar benkerad.
  • I praksis har vi då plass til kring 100-120 personar på alle arrangement i kyrkja. 

 

I tillegg har Alver kyrkjelege fellesråd følgjande oppmoding:

  • Alle vert oppmoda om å halde minst éin meters avstand mellom kvar husstand.
  • Alle over 12 år bør bruke munnbind der det ikkje er mogleg å halde éin meters avstand
  • Sprit hendene dine på veg inn og ut av kyrkja.
  • Kyrkjetenar og kyrkjevert bruker munnbind.
  • Prest og medliturg bruker munnbind under utdeling av nattverd.

Vi kjem attende med oppdatert informasjon dersom det skjer endringar i lokale, regionale eller nasjonale føringar.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"