Søndag 20. oktober kl. 11 vert det familiegudsteneste med hausttakkefest.
Fitjar barnegospel med band og barn frå Bakken barnehage bidreg med song og musikk. Fitjar bygdekvinnelag pyntar kyrkja med litt av alt det fine og gode som kan haustast.
Olav J. Oma er prest saman med Randi L. Matre som kyrkjelydspedagog. Det vert også dåp av eit barn denne søndagen.
Dessutan kan me på søndag vera med og gi litt av alle gåvene me har fått vidare til andre som treng det. Det gjer me ved å støtta årets TV-aksjon, som går til Barnekreftforeningen.
Det vert kyrkjekaffi etter gudstenesta.