Psykolog Jofrid Bjørkvik har jobba som psykologspesialist ved Stord DPS. No har ho privatpraksis ved Stord Helsepark.
På temakvelden i Fitjar vil ho snakka om "God nok—sjølvbilde og psykisk helse"
Me veit at mennesket er verdifullt og at alle er like mykje verdt. Likevel er mindreverdsfølelse og overdriven sjølvkritikk vanlege fenomen - me er ikkje gode nok.
Bjørkvik vil presentrera og drøfta ulike perspektiv på sjølvbilete og psykisk helse/livskvalitet, kva det kan innebera å vera "god nok" og kvifor kan det vera både godt og skremmande "å vera fri?"
Det vert musikkinnslag ved Irene Simonsen.