Soknerådet har 6 faste medlemmar og soknepresten i Giske og Vigra sokn. I tillegg er der 2 varamedlemmar. Vi har valg på halvparten av soknerådet annakvart år. Soknerådsmøta vert haldne på Giske skule. Gudstenestene er i Giske kyrkje og Godøy bedehuskapell. Vi har og nokre gudstenester på Alnes bedehus i tillegg til at 2. pinsedag som tradisjon er friluftsgudsteneste ved Alnes Fyr. Det blir og arrangert skulegudstenester og gudstenester på aldersheimane.
Soknerådet har kontaktpersonar i arbeidet for Kirkens Nødhjelp, Kirkens SOS og Bibelselskapet. Vi har ei arbeidsgruppe som jobber med nye kyrkjetekstilar i Godøy bedehuskapell og ei arbeidsgruppe som arbeider med utreiing av Kyrkjestove ved Giske kyrkje.