Dåpen - ei gåve

Dåpen er ei gåve. Dåpen gjev medlemsskap i Den Norske Kyrkja og den verdsvide kyrkje. Det fins ikkje A og B medlemmar. Alle døypte er fullverdige medlemmar av kyrkja!

Dåpen - ei gåve

Bibelen sitt mest kjende vers vert lest ved døypefonten: "For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv." (Joh. 3,16)

Ulike kyrkjesamfunn har litt ulik forståing av kva som skjer i dåpen. I Den Norske Kyrkja trur vi at dåpen frelsar oss, eller gjer oss til kristne. Vi trur og at vi får Den Heilage Ande i oss når vi vert døypte. Det at vi døyper små born, vitner om at det er Gud som gjer noko med oss i dåpen. Det er Gud som tar imot oss, før vi har gjort noko for han. Akkurat som med nattverden, har Gud gitt oss dåpen som ei konkret handling, som gjer det enkelt for oss å ta imot det han vil gje oss.

Sjølv om små born ikkje kan uttrykke nokon intellektuell tru, meiner vi likevel at tru og dåp heng saman. Det vi får i dåpen, lev videre gjennom trua. Derfor driv kyrkja med trusopplæring.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"