Gravferda startar med preludium (inngangsmusikk), nokre innleiande ord, salme og ei bøn. Etter det framfører presten eller ein representant for dei pårørande minneord. I begge tilfelle vil det vere naturleg å kombinere informasjonen om den avdøde med forteljingar om kva den avdøde har hatt å seie for dei som stod han/ho nær. Etter minneorda er det og høve for andre korte helsingar, kransepålegging, opplesing og lystenning.
Etter minneorda og kranspålegging, er det gjerne eit musikkinnslag før presten eller den som står for gravferda les frå Bibelen og held ein kort tale ut frå skriftordet. Ein syng så ein salme og ber ei bøn før alle ber Herrens bøn saman.
Kista blir boren ut under postludiet. Det er vanleg at representantar for den næraste familien eller vener av avdøde er med og ber kista.
Ved kistegravferd er det også skriftlesing ved grava før presten ber ei bøn, så følgjer jordpåkastinga. Deretter les presten eit ord frå Bibelen før han eller ho lyser velsigninga. Kista blir så senka medan klokkene ringer, før ein til slutt syng ein salme. Ved bisetting skjer jordpåkastinga inne i kyrkja/kapellet.
Gangen i seremonien
Ei gravferd i Den norske kyrkja er ei form for gudsteneste. Seremonien uttrykkjer det grunnleggjande i den kristne trua. Mennesket er skapt og elska av Gud. I gravferdsgudstenesta takkar vi for livet og overlét den døde i Gud sine hender.