Konfirmasjon

Hovedbilde for tema

KONFIRMASJON

Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vite meir om seg sjølve, kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.

Konfirmasjonstida i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vere konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tviler eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du mulighet til å utforske mange viktige spørsmål saman med andre. Som konfirmant får du lære meir om Gud og deg sjølv.

 

KONFIRMASJONSTIDSPUNKT

Dette er likt kvart år;

Vigra har siste helga i april

Giske og Valderøy har første helga i mai (om 1. mai er søndag, er 30. april og 1. mai konfirmasjonshelga)

Godøy har andre helga i mai

 

UTLEIGE AV VALDERØY KYRKJEKJELLAR

Ønsker de å leige kyrkjekjellaren til konfirmasjonsselskap, må de sende inn søknad til kyrkjekontoret innan 15. juni året før konfirmasjonen. Etter dette blir det trekning mellom dei som har sendt inn ønsker, og de får beskjed om kven som får leige med ein gong dette er gjort . 

 

KONFIRMASJON 2025:

Det blir informasjonsmøte for nye konfirmanter med foreldre/føresette i Valderøy kyrkje tirsdag 11. juni kl. 18.00 - dette gjeld for alle øyane.

 

Første samling for konfirmantane: (Konfirmantane møter på den øya dei bur!)

Vigra kyrkje: Onsdag 4. september kl. 18.00

Valderøy kyrkje: Onsdag 11. september kl. 18.00

Godøy kapell: Onsdag 18. september kl. 18.00

Giske kyrkje: Onsdag 25. september kl. 18.00

 

Presentasjonsgudstenester:

Vigra kyrkje: Søndag 8. september kl. 11.00

Valderøy kyrkje: Søndag 15. september kl. 11.00

Godøy kapell: Søndag 22. september kl. 11.00

Giske kyrkje: Søndag 29. september kl. 11.00

 

Det blir eit kort informasjonsmøte rett etter presentasjonsgudstenestene!

 

Konfirmasjon:

Vigra :  26. / 27. april 2025

Giske :  3. / 4. mai 2025

Valderøy:  3. / 4. mai 2025

Godøy :  10. / 11. mai 2025                                                 

 

Påmelding til konfirmasjon

Påmelding skjer digitalt frå 11. juni 2024.

Trykk på lenka "Påmelding 2025", så kjem du til Mi kyrkjeside - der kan du logge deg inn og melde på konfirmanten.

Vi håper dei som vil konfirmere seg, er raske med å melde seg på. Etter påmelding vil det meste av informasjon kome gjennom Spond.

 

Leir

Det blir «Bu-Heime-Leir» dette konfirmasjonsåret.

Konfirmasjonsavgift

Avgifta er kr. 500,- for konfirmasjonsåret 24/25.

 

Med håp om ei fin konfirmasjonstid!

 

Venleg helsing

Gunnhild, Hallvard, Eline og Susanne.

 

Prest: Gunnhild Roaldsnes Bremer   tlf: 46 32 03 24,

e-post: gunnhild.anita.bremer@kyrkja.giske.no

Prest: Hallvard Nordstrand    tlf: 91 39 18 05

e-post: hallvard.roald.nordstrand@kyrkja.giske.no

Sekretær: Inger Magelssen Godø  tlf. 90 59 70 55   

e-post:   inger.magelssen.godo@kyrkja.giske.no

Kontakt