Musikken er ein del av heilskapen, den kan uttrykke noko ein ikkje kan få sagt med ord, den kan trøyste, gjere glad, få ein til å slappe av eller ville danse. Den er rett og slett ein viktig del av både sorg, kvardag og fest.
Kyrkjemusikk
Musikken er ein viktig del av mykje av det som skjer i kyrkja. For kva hadde vel ei gudsteneste, gravferd eller ein vigsel vore utan musikalsk følge?