Hovudregelen er at salmar i Norsk Salmebok 2013 og Sangboken er godkjende til bruk i vigsel. Ønsker ein andre songar eller salmar, ta kontakt med organisten for å avtale dette. Tenk og igjennom kva de vil ha til inngangs- og utgangsmusikk, samt eventuelle andre musikkinnslag og gje beskjed om dette i god tid før vigsla. Dette skal godkjennast av organist og prest.
Ønsker de å høyre nokre brudemarsjar som hjelp, kan de spørre organisten om og møtast i kyrkja ein dag, eller de kan sjekke ut linkane nederst på sida.
Vi ser helst at de melder inn musikkønsker seinast tre veker før vigsla, slik at organisten har tid til å øve inn stoffet på ein best mogleg måte. Er det ønsker om akkompagnering av solistinnslag, er det fint om organisten får tilsendt noter på dette og. Avspeling av musikk over anlegg blir erfaringsmessig ikkje slik ein har tenkt på førehand og er dermed ikkje tilrådeleg. Live-musikk gjev alltid best resultat.
Innsendingsskjemaet finn de på linken Musikk i vigsel.