Planlegging

Brudeparet kan vere aktivt med i planlegging og gjennomføring av vigselsseremonien. Dette gjeld både prosesjon, valg av bibeltekstar, salmer, musikk og eventuelt tenning av lys.

Val av liturgi

På Kyrkjemøtet januar 2017 vedtok eit fleirtal at likekjønna par kan gifta seg i Den norske kyrkja. Ein ny liturgi vart også vedtatt, og vi har no to ordningar for vigsel.  "Vigsel 2003" kan brukast ved  vigsel av kvinne og mann.  "Vigsel 2017" kan brukast både ved vigsel av kvinne og mann og ved vigsel av par av same kjønn.  Det same gjeld forbøn for borgarleg inngått ekteskap. 

Dersom paret ønskjer "Vigsel 2017", er det viktig at dei tar kontakt med kyrkjekontoret så tidleg som mogleg.

Pynting av kyrkjerommet

Det hender at det er fleire vigsler i same kyrkje same dagen. På kyrkjekontoret kan de få kontaktinformasjon til eventuelle andre brudepar, slik at de kan snakke saman om pynting om dette er ønskeleg. Avtale om tidspunkt for pynting kan gjerast med kyrkjetenaren.

Val av musikk

Kantoren har ansvar for å godkjenne musikken som skal brukast ved seremonien. Om brudeparet har spesielle ønskje for inn- og utgangsmusikk, samt andre sang- eller musikkinnslag, er det viktig å ta kontakt med kantoren i god tid. Dette gjeld både for godkjenning av musikkinnslaga og tidspunkt for øving. Sjå skjema for musikk i vigsle nederst. Det er og mogleg med kulturelle innslag som understrekar brudeparets bakgrunn. All planlegging må skje i samhandling med prest, samt kantor/organist. Desse har ansvar for å godkjenne innhaldet i seremonien. Dersom den eine part tilhøyrer eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, kan biskopen godkjenne at ein frå dette trussamfunnet deltek i vigsla.

Brudeparet sin entré

Skikken frå storfamiliesamfunnet med at far kjem opp kyrkjegolvet for å "overlevere" dotter si til ein ny familie, lev fortsatt. Nokre stader er det tradisjon at brudeparet går inn saman. De vel sjølvsagt sjølve korleis de vil gjere det.

Prosesjon

Skal det vere brudepiker og brudesvenner i prosesjonen, er det greit å avklare dette i forkant. Det er og anledning til å ha ein større prosesjon med forlovarar. Prosesjonen skal ende ved alteret, og det avtalast i forkant korleis de skal sitte framme ved alteret.

Før utgangsprosesjonen går presten ut av alterringen for å gratulere brudeparet. Brudeparet går ut først, deretter brudepiker og brudesvenner, forlovarar og foreldre, og til slutt resten av gjestane.

Ekteskapsløfta

Brudeparet kan velje mellom to ulike måtar å avlegge ekteskapsløfte på. Den tradisjonelle måten er at presten stiller to spørsmål til kvar av brudefolka, og at dei svarer ja på desse. Den andre måten er at brudefolka sjølv seier fram ekteskapsløfte ved å gjenta desse etter presten.

Ringane

Det er mogleg for brudeparet å gje kvarandre ringar under vigsla. Då skjer overrekkinga etter at presten har sagt: Gje no kvarandre ringane som de skal bere til teikn på løftet om truskap. Alternativt kan brud og brudgom gjenta etter presten: NN, eg gjev deg denne ring som eit teikn på mitt løfte om kjærleik og truskap.

Forbøn for brudeparet

Forbøna kjem etter ekteskapsløftet. Brudeparet går fram til alterringen og kneler medan presten legg handa på hovuda deira. I tillegg til presten kan og forlovarar eller andre gjester vere med å be for brudeparet. Det er mogleg å velje mellom ulike bøner eller be ei bøn brudeparet sjølve har vore med på å utforme. Etter forbøna ber alle Herrens bøn saman.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"