Korona-lettingar frå 27. mai 2021

Regjeringa har sett i gang trinn to i gjenopningsprosessen. Hareid kommune har ingen eigne reglar eller råd, og følgjer derfor dei nasjonale råda og reglane.

Korona-lettingar frå 27. mai 2021

Dei nye nasjonale tiltaka gjer at vi kan opne for inntil 200 pesonar i kyrkja, på faste tilviste plassar.
Vi ønskjer å presisere at Hareid kyrkje er for lita til å få plass til 200 personar med 1 meter avstand mellom kohortane, her må det tilpassast dei ulike arrangementa.
Kyrkjevertar vil tilvise plass der ein må sitte under heile arrangementet (ikkje v/nattverd). Bruk munnbind på stader ein ikkje klarer å overhalde 1 meter avstand.

For at vi skal kunne halde fram med dette, er vi avhengige av at vi ikkje får lokale utbrot. Faren for det er ikkje over. Vi må derfor minne alle om å halde dei gode smittevernråda:

  • Hald deg heime om du er sjuk
  • Hald avstand, minst 1 meter til dei du ikkje er i same korhort med
  • Vaske hendene ofte og grundig med vatn og såpe (evt. sprit)

Dei nye smittevernreglane gjeld frå natt til 27. mai og inntil vidare.

OFFENTLEGE ARRANGEMENT:
Inntil 200 personar på arrangement MED faste tilviste plassar, med 1 meter avstand mellom kohortane. 
Inntil 50 personar på arrangement UTAN faste tilviste plassar, med 1 meter avstand mellom kohortane. 
Det er no 1 meter avstand også ved fellessong (2 meter gjeld kun kommuner med forhøya smittenivå).

PRIVAT MINNESTUND, SELSKAP, OSV. - UTLEIGE AV KYRKJELYDSHUSET:
Inntil 20 personar utan faste tilviste plassar og med gjeldande smittevernreglar.

GUDSTENESTANE er ope for deltakande i kyrkja og ein treng ikkje melde seg på for å ta del på ordinære gudstenester.
Etter håndvask/spriting av hender og registrering (navn, mobilnr. og kommune), vil kyrkjevertane tilvise plass der ein må sitte under heile arrangementet (forutan ved nattverd).
Ber om å møte i god til til kyrkje, slik at vi kan tilvise plassar på ein god måte. 
Nattverd: Ved nattverd vil prest og kyrkjevertar bidra med å tilrettelegge for at smittevernreglane overholdast.
Streaming: Gudstenestane blir også direktesendt på Hareid kyrkje si Facebook-side og til Hadartun sin kyrkjekanal på TV.

GRAVFERDER: Vi bereknar at det vil vere plass til maks 90-100 personar i Hareid kyrkje på tilviste plassar med 1 meter avstand mellom kohortane. Dette blir vurdert ut frå størrelsane på kohortane.
Deltakerliste: Dialog mellom pårørande, gravferdsbyrå og kyrkjekontoret er viktig for å tilpasse antal deltakarar. Vi treng deltakarliste frå dei pårørande seinast kl 12 dagen før gravferda, som er merka med kohortar, dette for å kunne førebu plass i kyrkja og overhalde smittevernreglane.
Smittevernreglane er lik både inne i kyrkja og ute ved grava.
Myndighetene anbefaler at personar frå kommunar med høg smitte, ikkje tek del på arrangement i andre kommunar. Denne anbefalinga gjeld også ved gravferd.

VIGSEL OG DÅP gjennomførast etter gjeldande smittevern-reglar. Vi tilrettelegg for dåp enten i den ordinære gudstenesta eller i eigen dåpsgudsteneste.

BARNE- OG UNGDOMSARBEID gjennomførast innanfor trafikklysmodellen.

           

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"