Minnegudsteneste 31. oktober kl 16.00
Kykja vil gjerne legge til rette for fellesskapen, uansett kva du ber med deg inn i dei nye dagane. Laurdag 31. oktober kl 16.00 er det minnegudsteneste i Hareid kyrkje med både fløytespel og solosongar. Vi les opp namna på dei som har gått bort det siste året, og vi takkar Gud for alt som har vore av liv og fellesskap med dei som vi har mista. Vi ber også om Guds si hjelp i sorga og saknet etter våre kjære.
Samvær på kyrkjelydshuset rett etterpå for dei som ynskjer det. Enkel servering.
Gudsteneste 1. november kl 11.00
Gudstenesta denne dagen har fokus på den vona som trua vår gir - om å sjå kvarande att.
"Stille konsert" 1. november kl 19.00
Sundag kveld 1. november kl 19.00, arrangerer Hjørungavåg Brass sin årlege "Stille konsert" med musikalsk balsam for såre sjeler. Den burde vore skriven ut på blå resept, så godt gjer han.
Sjå Hjørungavåg Brass si Facebookside for plassbestilling (gratis), evt kontakt Renate, mobil 934 56 147.