Namna minnelund

På gravplassane på Blomvåg, Hjelme, Landro og Foldnes er det høve til å setje ned urner i namna minnelund. Namna minnelund har ikkje eigne gravminne og plantefelt som ved ei «tradisjonell» grav. I staden kan blomar og lys setjast ned på tilvist stad ved felles minnetavle.

Minnelunden vert stelt av kyrkjegardsarbeidarane.

Namna minnelund har ikkje eigne gravminne og plantefelt som ved ei «tradisjonell» grav. I staden kan blomar og lys setjast ned på tilvist stad ved felles minnetavle. Kunstige plantar og batteridrivne lys kan ikkje nyttast.

På ei felles minnetavle vert det sett opp plakett med avdøde sin fødsels- og dødsdato. Det er og høve til å nytte symbol og leggje til ein kort minnetekst på inntil 25 teikn. 

 

Prisar pr. 01.01.20 for namneplatar til namna minnelund er:

 Blomvåg Gravplass - Plate i støypt bronse (inskripsjon støypt i plata)  kr 5000
 Landro Gravplass - Børsta stålplate (innskripsjon innfelt med svart lakk)  kr 1500
 Foldnes Gravplass - Børsta stålplate (innskripsjon innfelt med svart lakk)  kr 1500
 Hjelme Gravplass - Børsta stålplate (innskripsjon innfelt med svart lakk)  kr 1500 

Namneplater bestilles gjennom seksjonsleiar for kyrkjer og gravplassar.

Urnegrav på namna minnelund er frigrav i 20 år. Når det har gått 20 år etter urnenedsetjing, vert det krevd inn festeavgift.

Anonym minnelund

Nokre gonger er det ønskje om  at den døde vert lagt i ei anonym grav.  Dette skjer i første rekkje når avdøde sjølv har ytra ønskje om det.

På Foldnes gravplass finst det ei anonym minnelund der det er høve til å setje ned urner. Plasseringa av grava vil berre vere kjend av gravplassforvaltinga.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"