Påska i ord og tonar

«Eg siterer ofte songar når eg ikkje får sova.» Det sa sokneprest Lars Arne Vik då han var gjest på føremiddagstreffet i Klokkarvik rett før påske.

Lars arne sitter ved pianoet og synger og spiller

Ein annan ting han kan gjera er å finna ein song som begynner med siste bokstav i førre song.

På føremiddagstreffet rett før påske var det Påska i ord og tonar som var temaet hans. Det førte med seg at det blei ein god del song i føredraget hans. Sjølv spela han til songane på pianoet. Ein av songane han trekte fram var Jakob Sande sin «Salme». Den stod i same diktsamlinga der vi òg finn dikt som «Etter ein rangel» (I morgon skal eg … , trur eg). I «Salme» syng vi: Du som låg i natti seine Sorgtung vanvørd og aleine Skjelvande på såre kne Du som skåli trufast tømde medan alle dine rømde Stridsmann frå Getsemane.

Bestemora til Lars Arne Vik (LAV) dreiv misjonsforeining for Misjonssambandet, og på veggen hadde ho m.a. eit bilete av Trygve Bjerkreim. Då LAV i si tid jobba i ei russeavis skreiv han til Bjerkreim og spurde om han kunne få eit dikt av han, og det fekk han. På føremiddagstreffet stansa vi ved ein av songane hans: Takk at du tok mine byrder, eit høgfjell av skuld og av skam. Du bar det på skuldrene dine, du skuldlause, sonoffer-lam.

LAV hadde også teke med ein song av Bjørn Eidsvåg, ein song med tittelen «Til alle tider»: En tåre renner fra ikonet, en mager mann med tornekrone, grepet ser jeg ned, min tro, mitt håp, min fred, jeg ser hva jeg har gjort og legger kronen bort, straffen lå på deg, skammen bærer jeg.

Det vart også tid til fleire andre songar. Et mitt brød, drikk min kalk, kom til meg og sult ikke lenger var ein av dei. Ein annan var «Klapp alle hender i glede» der omkvedet lyder: Jesus sto opp igjen, han er her, halleluja!

 

Olai Otterå

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"