Øygarden kommune har vedteke at ei dobbeltgrav skal reknast som éin gravstad. Pris for dette er kr 3.150 for 5 år. Dei som er fakturert med dobbelt beløp, kr 6.300, bli kreditert og ny rekning vert sendt ut. Dei som allereie har betalt kr 6.300 for ei dobbeltgrav, vil bli kontakta for å høyre om dei ynskjer å få pengar tilbake eller utsette neste festeforfall fem år til.
Dessverre står ikkje telefonnummeret til resepsjonen på fakturaene. Det er 400 03 316.