Det er dermed heldigvis ikkje snakk om skadeverk på gravplassen denne gongen.
Når nokon ønskjer å slette ei grav, vert gravminnet sendt til destruksjon ved at steinen vert knust. For å unngå at restar av gravpynt vert funnen att i massar etter dette, vert gravpynten fjerna av gravsteinane. Normalt vert dette fjerna umiddelbart. Denne gongen vart arbeidsprosessen avbroten, og dessverre ikkje fullført med ein gong.
Vanleg praksis er at gravpynten vert fjerna frå gravplassen, og sendt til gjenvinning.