Ei markering med kyrkjeklokkene vil vere eit sterkt uttrykk for solidaritet med dei som lid i Ukraina og dei som flyktar frå krigens redsler, og ei påminning og invitasjon til å be om fred og rettferd for Ukraina og for Europa.
Klokkeringing for Ukraina søndag kl. 13
Søndag 13. mars kl. 13 ringer kyrkjeklokkene for menneska som lid på grunn av krigen i Ukraina. Den norske kyrkja og Norges Kristne Råd står bak oppmodinga.