Gruppa vil møtast seks gongar fram til sommaren, på onsdagar frå kl. 14-15 på kyrkjekontoret (i 2. etasje på Temahuset på Straume, over Jysk). Det er ikkje krav til at dei som er med i gruppa må sei noko på samlingane, men alle som veljar å vere med i gruppa seier óg ja til teieplikt. Erfaring visar at å delta i ei sorggruppe er ei god støtte og hjelp for dei som har opplevd tap. Datoane for gruppa blir:
- 24. mars
- 07. april
- 21. april
- 05. mai
- 19. mai
- 09. juni
Oppstarten av sorggruppe for ungdom skjer i eit samarbeid mellom kommunepsykologane i Øygarden og Den norske kyrkja. Dei som vil leie sorggruppa er Torbjørn Fjøren (har vore soknediakon i kyrkja og har i ei årrekke vore ein del av kriseteamet i tidlegare Fjell kommune) og Maria Tveten (har vore ungdomsprest og arbeidar no som sokneprest i Foldnes kyrkjelyd). Begge har mykje erfaring med sorg og sorgarbeid. Kyrkja har ein særleg kompetanse på sorgarbeid og det er difor kyrkja leier sorggruppa, men tilbodet passar alle uavhengig av livssyn. Vi er og tilgjengeleg for samtalar viss det passar betre.
Påmelding skjer ved å ta kontakt med sokneprest Maria Tveten (mt989@kyrkja.no /tlf 45063016). Har du behov for meir informasjon, kan du og ta kontakt med henne.
Vennleg helsing
Gro Berge
Kommunepsykolog
Maria Tveten
Sokneprest