Kyrkjemagasinet i Øygarden: Himmel&hav
Himmel&hav er det nye felles kyrkjebladet for heile kommunen frå Den norske kyrkja i Øygarden. Det kjem ut i staden for tidlegare Sund sokneblad, Kyrkjebladet og ØyNytt, og skal vere relevant for lesarar i heile Øygarden. Her vil vi presentere stoff om kva som skjer i kyrkjelydane, og du vil få møte spennande menneske frå heile kommunen. På denne sida kan du også bla i dei gamle kyrkjeblada.
