Gudsteneste

Gudstenesta er ein av dei viktigaste møtestadene for kristne. Å feire gudsteneste er ei fellesskapshandling. Vi er saman for Guds andlet.

En prest og pedagog står framme i Blomvåg kyrkje, på gulvet framfor dei sit mange barn og høyrer på. Kyrkja er full av menneske som sit på stolane.

Det er ein stad for fellesskap av menneske som deler trua på Gud, Jesu oppstode og livet med Den heilage ande. Det er ein stad der menneske møter kvarandre, og saman trer fram for Gud.

  • I kyrkjene i Fjell, Landro og Foldnes er det gudstenester stort sett kvar søndag.
  • I kyrkjene Sund og Kausland er det vekselvis gudsteneste kvar søndag. 
  • I kyrkjene Hjelme og Blomvåg er det vekselvis gudsteneste kvar søndag. 


Oversikt og tidspunkt for gudstenestene i Øygarden finn du på skjerikyrkja.no

Er det ei kyrkje i kommunen ein ikkje har besøkt, nytt høvet til å besøke ei nabokyrkjelyd! Hjarteleg velkommen i kyrkje uansett.

 

Fellesskap

Dei som førebur ei gudsteneste, gjer det på vegne av heile fellesskapet. Målet for all førebuing er at både den kyrkjevane og den som kjem ein gong imellom, både barn og vaksne, unge og gamle, opplever at her i kyrkjerommet høyrer dei til – vi er saman for Guds andlet.

Her er vi eit fellesskap som tek imot den treeinige Guds gode gåver, og svarar med lovprising, bøn og teneste i verda.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"