– Jødar skal vere trygge i Noreg

Biskopane i Den norske kyrkja er uroa for antisemittisme i Noreg. – Dei jøde-fiendtlege haldningar som har kome til uttrykk i det norske samfunnet den siste tida er heilt uakseptable, meiner preses Olav Fykse Tveit.

– Jødar skal vere trygge i Noreg, seier Olav Fykse Tveit som er den leiande biskopen i Den norske kyrkja. Foto: Den norske kyrkja.

Jødar i Noreg skal vere trygge. Dei jøde-fiendtlege haldningar som har kome til uttrykk i det norske samfunnet den siste tida er heilt uakseptable.

Det er det norske samfunnet samla som har ansvar for kva for ordskifte vi skal ha: Den norske kyrkja, politikarar, media og alle borgarar har ansvar for at våre jødiske medborgarar kan kjenne seg trygge her. Det må skje gjennom dei haldningar og uttrykk som kjem fram i det offentlege rom og mellom oss som bur her i landet. Det må skje gjennom opplevd solidaritet og fellesskap.

Alle har eit ansvar

Vi kan heller ikkje akseptere at jødar i Noreg vert utsette for usakleg og kollektiv kritikk fordi dei er jødar, vert utestengde frå felles arrangement som på 8. mars, eller ved at gamle anti-jødiske karikaturar, beskyldningar eller «troper» (førestillingar og stereotypiar) vert gjentatt i sosiale medier, på gatene og andre stader.  

Dei dramatiske hendingane 7. oktober i fjor var svært traumatiserande for jødar i Israel, som vart minna om pogromar og Holocaust. Sjokket og traumet er opplevd av jødar over heile verda, også i Noreg.

Denne opplevinga vert forsterka av uttrykk og haldningar som kjem fram i vårt samfunn. Her har vi alle eit ansvar for å aktivt motarbeide det på ulike måtar, i dei samanhengar vi er. Heilt sidan oktober i fjor har vi i Den norske kyrkja  peikt på kor viktig det er å motarbeide at hat og hatske utfall mot andre skal få plass og bli akseptert. Jødar i Noreg skal ikkje vert stilte til ansvar for krigen i Gaza.

Jødiske røter i kyrkja

Kvart år når vi førebur oss til å feire kristen påske, vert vi minna om kor sterke jødiske røter kyrkja har. I dette, må vi også hugse korleis tekstar frå vår påskefeiring har vorte brukte til å fremme anti-jødiske haldningar. Ikkje minst i år vert det spesielt viktig å vere medviten om det.

Etter påske får vi ein rapport frå eit tungt fagleg utval som har gått gjennom temaet «Den norske kirke i møte med jøder og jødedom». Vi ser fram til å få eit solid grunnlag for ein sakleg og nyttig samtale om korleis vi kan arbeide vidare med vår rolle i denne samanhengen.

Vi sender våre beste helsingar til våre jødiske medborgarar og vener, og ønskjer god Pesach som vert feira mot slutten av april i år.

For Bispemøtet i Den norske kyrkja, preses Olav Fykse Tveit.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"