Over 275 kyrkjebryllaup på valentinsdagen

Det er ny rekord og meir enn firedobling frå valentinsdagen i fjor. – Fantastisk at så mange vil kome når kyrkja inviterer til feiring av kjærleiken, meiner leiar i Kyrkjerådet.

Rekordmange par giftet seg på valentinsdagen i 2025, blant annet Marte og Christoffer i Ullern kirke i Oslo. Foto: Den norske kirke.

68 kyrkjer over heile landet har invitert til å seie ja til sin kjære på valentinsdagen.

Ei foreløpig oppteljing viser at minst 277 par har gifta seg i Den norske kyrkja på valentinsdagen. Dermed går dagen inn på lista over årets ti mest populære bryllaupsdagar.

– Det er fantastisk at så mange vil kome når kyrkja opnar dørene og inviterer til feiring av kjærleiken, seier leiar i Kyrkjerådet Harald Hegstad.

I 2024 vart 60 par vigde på denne dagen, og Hegstad trur denne måten å gifte seg på appellerer til dei som ynskjer å gjere det litt enklare.

– Drop-in-bryllaup er ein litt enklare måte å gifte seg på, men som har det aller viktigaste i fokus, nemleg løftet mellom to menneske og Guds velsigning over ekteskapet deira.

Fylt til randen av kjærleik

I Bergen inviterte for første gang Birkeland kirke til drop-in-bryllaup. Sokneprest Kjersti Gautestad Norheim er overvelda over responsen.  

– For ein dag! 13 par den 14. februar, nokre hadde mange gjestar, andre kom åleine. Seremoniane har vore enkle, nære og høgtidelege. Kyrkja er fylt til randen av kjærleik. Vi er overvelda og glade!

I Rygge kirke i Moss vigde sokneprest Ingvild Osberg tre par. Ho meiner drop-in-bryllaup kan gje ein liten dytt til folk som har vore saman i mange år.

– Eit av brudepara i dag har vore saman i mange tiår – eit langt liv. I dag fekk dei det vesle ekstra dyttet til å gjere noko dei har tenkt på lenge.  

På Jæren inviterte prost Lars Sigurd Tjelle til drop-in-bryllup i Time kyrkje. Tre par møtte opp for å bli gift.

– Folk var veldig fornøgde. Nokre hadde med born som vi også tok med i forbøna. Det trur eg dei sette pris på.

Tjelle fortel om god stemning og at dette ikkje blir siste gongen han inviterer til drop-in:

– Dette har vore veldig koseleg! Det var ikkje Las Vegas-stemning i det heile tatt. Kanskje litt lite Vegas-stemning, eigentleg, ler prosten.

 

– Midt i blinken for oss

Anders Nielsen og Hilde Fiskvik var eitt av para som gifta seg i Rygge kirke. Dei har vore saman i åtte år.

– Vi skulle eigentleg gifta oss i 2020, men det vart dessverre ikkje noko av på grunn av koronapandemien. Då eg las i avisa at kyrkja hadde dette tilbodet, viste eg det til Anders – og vi vart einige om at dette var midt i blinken for oss, fortel Hilde.

Brudeparet hadde med seg borna og forlovarar i kyrkja, og etter seremonien i kyrkja skulle dei ut og ete på restaurant for å feire.

– Det er kjempefint at kyrkja har dette tilbodet. Det at det ikkje treng å vere så mykje styr, gjer terskelen lågare for å gifte seg. Samtidig var det veldig høgtideleg og fint, seier brudeparet.

 

Fleire mogelegheiter 

Det er alltid mogeleg å ta kontakt med kyrkjekontoret og be om ein enkel seremoni, på kvardag eller i helg.

I tillegg er det fleire kyrkjer som inviterer til drop-in-bryllaup i løpet av våren:

Løvøy, Nikolaikirken på Gran, Kolstad, Hunstad, Stoksund, Drøbak, Fredrikstad, Trysil, Korgen, Stadsbygd og Hemsedal.

Flest på austlandet

Den fylkesvise oversikta viser at det har vore flest vigslar på austlandet, men Birkeland kirke i Bergen og Heimdal i Trondheim hadde flest, heile 13 par i kvar kyrkje.

Fylke

Antall par

Agder

5

Akershus

65

Buskerud

11

Finnmark

2

Innlandet

11

Møre og Romsdal

17

Nordland

21

Oslo

41

Rogaland

18

Trøndelag

13

Vestland

47

Østfold

26

Total

277

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"