Påskefeiring i kyrkja som planlagt

Den norske kyrkja har kontakt med politiet som melder at kyrkja sine arrangement i påska kan gå som planlagt, og at alle er oppmoda til å feire påske som normalt.

PST melder at kyrkja sine arrangement kan gå som planlagt, og alle er oppfordra til å feire påske som normalt. Illustrasjonsfoto Terje Peersen / Den norske kyrkja.

Politiet et innført nasjonal bevæpning av politiet i påskehøgtida, på bakgrunn av ei oppdatert trusselvurdering frå PST. I denne vurdeirnga framstår kyrkjer og kristne samlingsstader som aktualiserte terrormål, men PST understrekar at det ikkje ligg føre konkrete truslar. Trusselnivået i Noreg er uendra. 

Den norske kyrkja på nasjonalt nivå har jamnleg kontant med Politiet og PST. Tilbakemeldinga er at kyrkja sine arrangement kan gå som planlagt, og ein er oppfordra til å feire påske som normalt. 

– Påska er ei tid som samlar mange menneske til ulike arrangement i kyrkjene, seier kyrkjerådsdiretkør Ingrid Vad Nilsen. 

skjerikyrkja.no kan du velje kommune og finne programmet for kyrkja der du er. 

– Vi har jamnleg kontakt med PST og er glade for at dei følgjer med på situasjonen. No har vi sendt ut informasjon til alle lokale arrangørar om at påskeprogrammet kan gå som planlagt, seier Vad Nilsen. 

Politiet vil kontakte kyrkja dersom dei meiner det er grunn til at kyrkja må ta spesielle omsyn.

– Den viktigaste jobben til politiet er å trygge befolkninga. Sjølv om det ikkje ligg føre konkrete truslar, har politidirektøren etter ei samla vurdering innført midlertidig bevæpning for å sikre best mogeleg beredskap gjennom påska, seier beredskapsdirektør i Politidirektoratet, Tone Vangen. Les meir på politiet.no.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"