300 millionar til kyrkjebygg

Regjeringa set av 300 millionar kroner til kyrkjebevaringsfondet i 2025. – Det betyr mykje for lokalsamfunnet og kyrkja at bygga vert tatt godt vare på, seier preses Olav Fykse Tveit som er styreleiar for bevaringsprogrammet.

Stange kirke er blant dei som fekk tilskot til kyrkjebevaring i 2024. Foto: Malin Longva / Den norske kyrkja.

Regjeringa trappar opp innsatsen med 300 millionar kroner til kyrkjebevaringsprogrammet i statsbudsjettforslaget for 2025

– Kyrkjebygga er viktige formidlarar av vår historie og kulturarv, og dei formidlar kyrkja sin bodskap og verdiar overalt i landet. Det betyr mykje for lokalsamfunnet og for kyrkja at desse bygga vert tatt godt vare på, og det nye kyrkjebevaringsprogrammet er eit stort løft i så måte.

Det seier leiande biskop i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, som også er styreleiar i kyrkjebevaringsprogrammet.

Store behov 

– Mange kyrkjer har store behov for å bli sett i stand, til dels på grunn av etterslep på vedlikehald. I år fekk vi meir enn 100 søknader, og nesten halvparten kunne få ei tildeling i år innanfor ramma på 100 millionar.

Les meir om tildelinga på 94 millionar her

Fykse Tveit er glad for at regjeringa trappar opp tilskotet til kyrkjebevaring. Etter planen skal det årleg vere 500 millionar i året på statsbudsjettet til dette formålet.  

– Det er gledeleg at regjeringa held sine lovnader og går vidare ved å trappe opp innsatsen med midlar til bevaring av kyrkjer.  

Klar til å ta i mot søknader 

Oddbjørn Eide har nyleg starta som dagleg leiar for kyrkjebevaringsprogrammet. Han er tidlegare kyrkjeverje i Stjørdal og er no i gang med å bygge opp sekretariatet i Trondheim. 

– Eg håpe at mange vil søkje, og at fleire kyrkjer har fått tid til å planleggje prosjekta sine, seier Eide. 

– Vi veit at det er mange kyrkjer som framleis er i startgropa av prosjekta sine. Venteleg kjem vi til å tildele tilskot i løpet av januar 2025. 

Fristen for å søke om støtte er 4. november. Les meir om tilskotsordninga og bevaringsstrategien her

Kyrkjebevaringsfondet er eigd av Barne- og familiedepartementet, som har utnemnd eit programstyre med medlemmar frå Den norske kyrkja, Hovedorganisasjonen KA og Riksantikvaren. Preses Olav Fykse Tveit er styreleiar og Riksantikvaren har ansvar for programsekretariatet.  

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"