Preses på påskefestival i nord

Preses Olav Fykse Tveit feira påske i Alta og på påskefestival i Kautokeino. – Her er det folkefest og kyrkjefest, seier Fykse Tveit.

Preses Olav Fykse Tveit feira påskedag i Kautokeino, her saman med Olav Øygard som er biskop i Nord-Hålogaland bispedøme.

Den norske kyrkja sin leiande biskop feira påske i Nord-Hålogaland. Først i Alta og så på Samisk påskefestival i Kautokeino. 

På si Facebook-side "Preses Olav Fykse Tveit" skriv han:

«Påskemorgen slukker sorgen til evig tid». Påska er livets fest i dødens verd. Det er ei høgtid der forsoning står i sentrum. 

«Vår forsoner til evig tid», heiter det vidare i den kjende påskesalmen. Gud møter menneska sin urett og svik, synd og død. Ikkje med hevn, men med å reise Jesus opp til nye møter utan frykt. Til nytt liv og nye moglegheiter. Jesus gjenopprettar fellesskap og relasjonar. Vi er også kalt til det – i lag med vår forsonar til evig tid.

Ei god oppleving å feire påske i Nord-Hålogaland. Først i Alta og så på Samisk Påskefestival i Kautokeino. Her er det folkefest og kyrkjefest. 

Forsoning

Fykse Tveit vart også intervjua av NRK om kyrkja si rolle i arbeidet med å skape eit meir forsona samfunn, etter rapporten til Stortinget om Sanning og forsoning som kom i juni 2023.

– Eg tenker det er viktig at vi i kyrkja viser at vi tek denne rapporten alvorleg. Den handlar også om det kyrkja har gjort som hra bidrege til fornorsking, sa han til NRK.no. 

 
 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"