Val i Den norske kyrkja i di kommune

På valdagen 10.–11. september kan tre millionar medlemmar i Den norske kyrkja også stemme på kven som skal leie kyrkja lokalt, regionalt og nasjonal. Det er det største medlemsdemokratiet i Noreg.

Val i Den norske kyrkja i di kommune

Etter at meir enn 91.000 har førehandsstemt digitalt i Kyrkjevalet, gjeld det no å stemme fysisk på valdagen. Stemming i kyrkjevalet er ofte i same bygg som kommune- og fylkestingsvalet, eller rett i nærleiken.

Finn ditt næraste vallokale på kyrkjevalet.no, eller ta kontakt med kyrkja lokalt for meir informasjon.

Den norske kyrkja er med sine over 3,5 millionar medlemmar det største medlemsdemokratiet i Noreg. Det er ei folkekyrkje som mange nordmenn verdset:

– Vi ser at folk brukar kyrkja som ein samlingsstad i kriser og på dei store dagane i livet. Mange er også innom i kvardagen, til dømes på babysong, trusopplæring og eldretreff, seier Kristin Gunleiksrud Raaum som er den øvste folkevalde i kyrkja. Ho er leiar i Kyrkjerådet.

– 83 % av medlemmane er innom kyrkja, og over halvparten har hatt ein samtale med ein prest eller anna tilsett i kyrkja i løpet av eit år. Det er det viktig for oss at dei som ynskjer skal få mogelegheita til å stemme, seier Raaum.

Ho trekker fram dei 12.000 frivillige som stiller til val i år:

– Vi er takksame for alle dei som stiller opp og brukar si fritid for at kyrkja skal vere ei god kraft i lokalsamfunnet.

Fakta:

I kyrkjevalet skal kyrkjemedlemmene velje kven som skal styre Den norske kyrkja dei neste fire åra. Medlemmer i Den norske kyrkja, busett i Noreg, har stemmerett frå det året dei fyller femten år. Det skal veljast medlemmer til sokneråd (lokalt), bispedømeråd (regionalt) og Kyrkjemøtet (nasjonalt). For første gong har det vore mogeleg å førehandsstemme digitalt, noko meir enn 91.000 har gjort.

På valdagen 10.-11. september  kan du stemme i kyrkjevalet i nærleiken av kommunevalet, og du kan få bistand til å stemme fysisk av valfunksjonærar. Det er ikkje sendt ut valkort i kyrkjevalet, men status for ditt medlemskap kan du sjå på kyrkja.no/medlem. Næraste vallokale kan du finne på kyrkjevalet.no.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"