Varslingstal for Den norske kyrkja i 2023

I 2023 kom det 144 varsel i Den norske kyrkja sitt digitale varslingssystem. Og stadig fleire fellesråd tek i bruk det digitale systemet for varsling.

På kyrkja.no/varsel er det mogeleg å sende inn digitalt varsel til Den norske kyrkja. Illustrasjonsfoto: Bo Mathisen / Den norske kyrkja.

I Den norske kyrkja sin digitale varslingsportal (kyrkja.no/varsel) kan både tilsette, frivillige og publikum varsle om kritikkverdige forhold.

I 2023 vart det meldt inn 144 saker digitalt. Av desse er 74 ferdigbehandla, og av desse igjen er 25 avvist som «ikkje-kritikkverdige forhold». I 2022 var talet på digitale varsel 129.

– Vi må vere varsam i bruk av statistikken. Det kjem også varsel via andre kanalar og vi er framleis i ei fase med implementering og opplæring av sakshandsamarar. På sikt er målet å ha ei mest mogeleg komplett oversikt på nasjonalt nivå.

Det seier HR-direktør i Kyrkjerådet, Erik Faye Lindvig.  

Det er stor breidde i innhaldet i varsla. Dei omfattar alt frå mobbing og diskriminering, til ulovleg aktivitet og brot på teieplikt. Ikkje alt er kvalifisert til å vere eit varsel. Arbeidsmiljølova gjev krav til korleis ein skal handtere varsel.

Stadig fleire brukar digitalt system

HR-direktøren seier at fleire og fleire fellesråd tek systemet i bruk.

– Det gjer at stadig fleire av kyrkja sine tilsette jobbar på ein arbeidsplass der dei kan varsle digitalt. Varslingsinstituttet er viktig i norsk arbeidsliv, og vi jobbar med å gjere systemet kjent for tilsette.

Så langt har Kyrkjerådet, alle bispedøma og 48 prosent av alle fellesråda teke løysinga i bruk.

God kjennskap til varslingsrutinar

Hausten 2023 vart det gjennomført medarbeiderundersøking i Den norske kyrkja. Her svarar 76 prosent at dei er kjent med rutinane for varsling av kritikkverdige forhold.

– Det er bra at mange kjenner rutinane for varsling, og dette er noko vi framleis må jobbe med, seier Faye Lindvig.

I same undersøking svarar dei tilsette at dei stor grad har tillit til at dei kan varsle utan at det får negative konsekvensar, og at varsel blir teke på alvor.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"