Høyringsoppsummering frå kyrkjelege instansar

Müller-Nilssen-utvalet sin rapport om ny kyrkjeleg organisering var på høyring i 2021. No er over 1200 høyringssvar frå kyrkjelege instansar lest, analysert og samanfatta.

Over 1200 instansar har sendt inn høyringssvar om kyrkjeleg organisering. I dette talet ligg mellom anna 757 sokneråd, 107 sokneråd med fellesrådsfunksjon, 174 fellesråd og 10 bispedømeråd. No er høyringsmaterialet samanfatta. Foto: Torstein Kiserud / Den norske kyrkja.

– Høyringssvara uttrykker stor motstand mot den føreslegne modellen for prostifellesråd, men skildrar samtidig eit stort ynskje om at lokalt tilsette i kyrkja skal ha same arbeidsgjevar.

Det seier Ingrid Vad Nilsen som er direktør i Kyrkjerådet.

Klar støtte til felles arbeidsgjevar

I juni 2021 sende Kyrkjerådet Müller-Nilssen-utvalet sin rapport Samhandling i en selvstendig folkekirke – ny kirkelig organisering på høyring.

Eit stort høyringsmateriale er no lest, analysert og samanfatta. Høyringsoppsummeringa viser kva ulike typar instansar meiner om forslaga frå utvalet. Last ned høyringsoppsummeringa her

– Høyringa ynskjer ikkje prostifellesråd slik det er skildra, men gjev klar støtte til felles arbeidsgjevar for alle som jobbar saman lokalt. Instansane peikar på at dette vil kunne gje fleire heile stillingar, større fagmiljø samordna leiing, like vilkår, god konflikthandtering og betre ressursforvaltning.

Motstanden mot prostifellesråd vert mellom anna grunngjeve med avstand mellom sokn og prosti og mellom lokalkyrkja og kommunen.

– Eit sentralt punkt

Etter planen skal Kyrkjemøtet, som er kyrkja sitt øvste demokratiske organ, vedta prinsipp for ny organisering. Prinsippvedtaket vil vere prinsipp på overordna nivå, til dømes om korleis arbeidsgjevaransvaret skal vere organisert.

Før Kyrkjemøtet i september skal Kyrkjerådet behandle saka, på møte i mars og i mai.

– Spørsmålet om arbeidsgjevarorganisering er ein gordisk knute som vi må løyse for å få til ei ny organisering. Difor er det eit sentralt punkt som vert lagt vekt på no. Når denne prostifellesrådsmodellen ikkje er aktuelt, må ei ny organisering ta utgangspunkt i dei nivåa som finst i kyrkja i dag.

Gjev retning for det vidare arbeidet

Høyringa inneheldt i alt 48 spørsmål. Dei dreidde seg mellom anna arbeidsgjevarorganisering, ansvar og oppgåver, dagleg leiing, samisk kyrkjeliv og korleis ulike råd skal veljast og setjast saman.

I høyringssvara ligg det mykje informasjon om kva behov og ynskjer lokalkyrkja har.

– Det store materialet med grundige fritekstsvar gjev retning for det vidare arbeidet med å få til ei ny kyrkjeleg organisering, seier Vad Nilsen.

Høyringa spurte mellom anna om kva som bør vere biskopen si rolle i framtida.

Eit gjennomgåande funn i høyringa er at instansane legg vekt på biskopens positive tilsyn som andeleg leiar og inspirator, rettleiar og vegvisar. Mange av høyringssvara set ord på eit ynskje om ei styrka tilsynsrolle med definert ansvar.

Stort høyringsmateriale

Over 1200 instansar har svart. I dette talet ligg mellom anna 757 sokneråd, 107 sokneråd med fellesrådsfunksjon, 174 fellesråd og 10 bispedømeråd. Arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonar har også sendt inn svar om ny organisering.

Alle høyringssvara ligg ute på kyrkja.no/hoeringer

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"