Look back. March forward. Womens march og me too

Appell ved Kari Veiteberg, Oslo biskop 21.januar 2018

Rundt om i verda deles det no skakande forteljingar om overgrep, seksuell trakasering og sexisme. #metoo  er overveldande: makt  / assymetri /  uønska seksuell oppmerksomheit. .

Meetoo  minner om kor uendeleg viktig det er få  forteljingane fortalt, opp og fram til overflata! For først då kan vi gjere noko med det.

Eg står her framfor stortinget som oslo biskop.  Har de høyrt om Tamar?  Det hadde ikkje eg:

Høyr no frå 2. Samuels bok i det kristne kallar det gamle testamentet: 
14 men Amnon ville ikkje høyra på henne. Han tok henne med makt, krenkte henne og låg med henne.
Etterpå blei han fylt av eit brennande hat til henne.
Han ropa på tenesteguten sin og sa: «få henne ut herifrå og steng døra etter henne!»[…]

18 Tamar hadde på seg ein forseggjord kjole, for slik gjekk kongsdøtrene kledde så lenge dei var jomfruer. Tenaren viste henne ut or huset og stengde døra etter henne.
19 tamar strødde støv på hovudet, reiv sund den fine kjolen ho hadde på seg, og med handa på hovudet gjekk ho skrikande bort. 

20 då sa Absalom, bror hennar, til henne: «har Amnon, bror din, vore saman med deg?
Tei no stilt, syster, han er bror din. Ta deg ikkje nær av dette!»
Så vart tamar sitjande einsam og forlaten heime hos Absalom, bror sin.
 
Tamar fins.  I bibelen, i tradisjonen. I verda. Her og no:  ei kvinne  krenka, trakkasert. Voldtatt. Og som har blitt bedt om å teia. Tei no stilt!

No erfarer vi og høyrer kvinner  som i  heilag vreide  seier :  no er det nok!
Teiekulturen er sterk i kyrkja og andre religiøse samanhengar.  Eg blei ikkje kjent med Tamar før eg blei vaksen. Ho var blitt bett om å teia. Ho skulle ikkje nemnast.
Eller om ho blei nemnt,  blei det sagt at det nok var hennar  skyld: kvinner er jo so freistande.

Skam, skuld blir ofte forsterka i religiøse rom.
Korleis kan vi bryte med desse mønstera?
Korleis frå fram tale i teiekulturar?

Kyrkja jobbar med saker som omhandlar yrkesetikk, krenkelsar og overgrep. 
Men alt er ikkje på stell.
Kirkelig ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep fortel: Stadige bagatelliseringar. Mange synes det er krevjande å akseptere at det er heilt vanlege, godt fungerande menneske som misbruker  makta og posisjonen og rolla si.

Vi treng mee – too. Kampanjen livsviktige for det dreier seg om.
Sannheit og rettferdigheit.
Mee-too er skam-drepande! 

Det kan vere ei renselse dette,  som er til gode for heile samfunnet. 
Kvinner i alle trusamfunn, vi vil høyre de fortelje!
Vi tåler opprør  og fortvilelse!
Fordi vi er så mange no.
Fordi vi er sterke saman

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"